Sunnmøre Kristelege Mannskor er klar for sin tradisjonelle påsketurné. Turen går i år til  Lepsøya, Haramsøya og Hamnsund på i dag, skjærtorsdag.

Langfredag har dei konsert på Hareid på føremiddagen, i Herøy nye frikyrkje på ettermiddagen og på Larsnes på kvelden.

Sidan starten for meir enn 80 år sidan, har koret turnert med påska sin bodskap i ord og tonar. Koret har gjennom åra «tråla» innom dei fleste kyrkjer og forsamlingshus på Sunnmøre, og  tidvis også Romsdal, Nordmøre, Trøndelag, Nordfjord og Sunnfjord.

Ein del av repertoaret er framleis signert tidlegare dirigent gjennom 30 år, Johan H. Grimstad. Klassikaren, «Himmelske fader» av S. H. Geitvik har vore fast gjengangar etter at den erobra Ønskekonserten på 60 og 70-talet. Denne songen blir framleis etterspurd, landskjend som den vart med Randulf Saunes si glitrande tenorstemme. For nokre få år sidan drista koret seg til ei nyinnspeling av denne melodien, denne gongen med Andre Sjåvåg som solist.

Tidlegare kormedlem Magne Fremmerlid er også representert  på den nye CD-en. Nåverande dirigent Svein Eiksund, som har runda 20 år som dirigent, har tinga nye tekstar av Andreas Bjåstad til velklingande folketonar frå aust. Eiksund er kjend for ei rekkje korprosjekt. Overskotet av CD-sal og kollekter går til ungdomsarbeidet på Sunnmøre gjennom KFUM/KFUK.

Svein Eiksund overtok taktstokken etter Johan H. Grimstad for over 20 år sidan.