Den stille veka startar i Ulstein kyrkje med ein orgelkonsert onsdag kveld. Her framfører organist Ståle Helvig verk av Johan Sebastian Bach og Olivier Messiaen.

Det er pasjon som er tema for konserten, og vi får høyre kjende orgelkoralar av Bach som «Wenn wir in höchsten Nöten sein», «O Lamm Gottes, unschuldig» og «Sei gegrüßet Jesu gütig».  På programmet står også Bachs store g-moll fantasi, og Charles-Marie Widors storeslått orgeltranskripsjon av avslutningskoret i Bachs Matteuspasjon.  Musikken av Olivier Messiaen er henta frå den store samlinga «Livre du Saint Sacrement», sats 8 og 9: Institution de l'Eucharistie (instiftinga av nattverden) Les tenebres (mørkret).

Dette er ordlaus musikk som tolkar pasjonsdelen i påskedramaet. Dette er musikk til ettertanke og meditasjon. Dette er musikk i takksemd til Gud. Dette er musikk der organisten speler notane, og Gud skaper musikken. Dette er musikk som ikkje treng applaus, som fortel den store historia som i sanning og ande ber Bachs signatur: Soli Deo gloria (berre til Guds ære).

Det er fri inngang.