Cirkus Minimax er Noregs nyaste sirkus som reiser rundt med telt, artistar og dyr. I år som i fjor reiser Cirkus Minimax rundt med si familievennlege framsyning og sirkusskule.

Cirkus Minimax kan i år by på mellom anna sjonglering i raskt tempo, balanseartisteri og komisk akrobatikk. Frå Nederland har dei henta familien Clinch. Dei presenterer eit forrykande fakir- og flammeshow.

Den nederlandske familien opptrer også med dresserte høner. Cirkus Minimax er det einaste sirkuset i Noreg som kan by på dresserte høns.

Sirkusdirektøren lovar også mykje komikk under årets framsyning. Etter kvar framsyning er det gratis sirkusskule der publikum får prøve seg som ekte sirkusartistar. Dette var ein stor suksess i fjor.

– Årets sirkus byr på underhaldning for liten og stor. Eg meiner at alle treng ein fritime frå kvardagens stress, seier sirkusdirektør Hjelvik og ønskjer alle velkomen til manesjefest.