Han var guten som tidleg blei beskriven som eit vedunderbarn, han har vore Odd Nerdrum-elev og han debuterte i fjor med si første soloutstilling i New York til strålande kritikkar i sjølvaste New York Times. Søndag opnar utstillinga med måleri, skulpturar og teikningar signert Sverre Bjertnes.

– Han er utan tvil den største norske kunstnaren i sin generasjon. Mange går så langt som å trekkje parallellar mellom Sverre og Edvard Munch. Kunsten til Sverre held svært høg internasjonal klasse, seier gallerist Hugo Opdal.

Sverre Bjertnes var sjølv på plass onsdag for å hjelpe Hugo Opdal og studio-manager Audun Hopland med å få på plass kunstverka, og sjå til at alt hang og stod fint plassert.

– Det er eit flott galleri, og ein fin stad for god kunst, sa kunstnaren til Vikebladet Vestposten.

Elev av Odd Nerdrum

I dag er Sverre Bjertnes ein kunstnar av internasjonal storleik. Allereie som liten gut var han oppteken av å teikne, og kunne halde på i timesvis kvar dag. Han var skuleflink, men det var svært få av faga som verkeleg interesserte han. Difor avslutta han ungdomsskulen med å brenne samtlege skulebøker rituelt i skogen. Kunstnaren Tore Bjørn Skjølsvik blei teiknelæraren til Sverre.

Sverre slutta på Steinerskolen etter berre eitt år, og flytta i staden inn hjå Odd Nerdrum som 17-åring.

– Odd Nerdrum hadde heilt klart påverknad på meg. Han var den som for alvor lærte meg kunsten å måle. Men, der han går fram som vår kanskje fremste radikale kunstnar, ynskjer eg heller å foksuere på å fristille meg. Eg målar fordi eg vil kunst skal vere tilgjengeleg for alle, seier Sverre Bjertnes og legg til:

– Det er synd at somme av dagens kunstnarar gir uttrykk for at kunst ikkje er noko alle kan forstå seg på. Mi meining er at kunst skal vere tilgjengeleg for tolking frå kvart enkelt menneske.