Den første helga i juli, 4. og 5. 7, er det klart for den 11. skjemtegaukfestivalen i Ulsteinvik.

Denne festivalen har brukt å vere på Kaffebaren, men i år blir festivalen arrangert på Sjøborg kulturhus. Publikum får sitje rundt småbord. Quality Hotel Ulstein står for sal av forfriskningar i salen, skriv Ulstein kommune på heimesida si.

Dei som skal få publikum til å le fredagskvelden er:

Halvor Hravn Jellum Johansson, Siri Seljeseth, Tomas Nesse og Årets Skjemtegauk frå 2012, Joachim Skage

Laurdagskvelden er det desse sin tur å få fram latteren i salen:

Jahn-Gorakh Mjaavatten-Bremdal, Arnt Finesse, Rune Lothe, Henrik Farley og Årets skjemtegauk heilt tilbake til 2005 - sjølvaste Christer Torjussen.