Skjemtegaukfestivalen er Noregs minste årlege humorfestival, og blir arrangert kvart år i Ulsteinvik.

- Trass i litt mindre publikum enn forventa leverte komikarane til di grader. Dei som var til stades såg til å storkose seg. Nivået var svært høgt, og eg synest komikarane leverte veldig bra. Der var både nykomarar og etablerte. Nykomarane overraska meg svært positivt, og dei etablerte leverte sjølvsagt også veldig bra, fortel arrangør Åge Andrè Breivik.

- Det som gjorde at årets vinnar skilte seg ut var at han tok publikum på ein heilt spesiell måte. Han har ei svært sjarmerande framtoning og det såg ut til å ta publikum med storm. Han står fram som ein likande kar. Han kosa seg verkeleg på scena, og det såg til å smitte over på publikum.

«Årets Skjemtegauk 2014»

Halvor Hravn Jellum Johansson. Merk deg namnet. Den store mannen har eit endå større talent. Med si sjarmerande framtoning tok han publikum med storm og henta med seg heim tittelen som «Årets Skjemtegauk 2014»

– Det å bli «Årets Skjemtegauk» er kjempestort for ein framadstormande komikar som meg. Sjølv om festivalen er liten er det svært gjævt å få diplomet i vårt miljø.

- Det som var mest morosamt under framføringa var då eg prøvde å få fram at folk må slutte å ete fiskekabaret, og ei dame i publikum røyste seg opp og protesterte. Eg meiner at fiskekabaret er eit einaste stort akvarium, medan for henne var det livretten. Då svarte eg at det er ingen som har sett ein fiskepudding, å tenkt at den treng vindauge. Det er alltid morosamt når publikum er med og engasjerer seg slik det blir ein debatt, seier «Årets Skjemtegauk».