Som ein av fleire mellomalderstadar står Ulstein utanfor stadane som blir ein del av den offisielle Kystpilegrimsleia, skriv NRK. Det er fem fylke involverte i prosjektet med bakgrunn i ei historisk pilegrimslei frå Rogaland til Nidaros.

Ifølgje NRK ser det ut til at Åheim, Herøy, Giske, Borgund, Veøya, Kvernes og Smøla blir teke med frå vårt fylket.

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad ynskjer likevel å få med endå fleire mellomalderstadar, og då er Ulstein blant desse, saman med mellom anna Tingvoll, Rødven, Grip og Bud.

– Det er her snakk om sentrale plassar i mellomalderen langs leia opp mot Trondheim, og vi meiner at dei bør vere med, seier Ringstad til NRK.