Med ein basis rundt kommersiell musikk skaper Skóg låtar med særpreg basert på det emosjonelle i individet. Med musikalitetar med grunnlaget i folkemusikk og pop produserar dei låtar med gitarar, banjo, såre vokalar og livlege rytmer som kan minnast om både sorg og glede. Skóg er med andre ord ei humørsjuk musikalsk stamme.

Intimscene i Snipsøyrdalen

-Eg er oppvaksen på eit lite gardsbruk i Snipsøyrdalen, og før då eg var liten var der både kyr og høns på garden. Men i løpet av ungdomstida mi vart garden mindre og mindre brukt. Dette ville eg ha slutt på. Og for eit par månadar sidan tok eg mot til meg for å spør far min om eg kunne få tømme høysålet i låven og lage ei "intimscene". Eg fekk positiv tilbakemelding, og ganske kort tid etter starta renoveringa av låven. Veggar skulle ned, og ting blei kasta. Etter ein månad med konstant allergi var høysålet tømt og per dags dato står der i Snipsøyrdalen ei heimekoseleg intimscene klar for å spelast på i næraste framtid, fortel vokalist Sondre Skorgen

Intimkonsertar i Låven

Sjølv om bandet endå berre har hatt ein privat låvekonsert, kan karane i Skóg stadfeste at det kjem fleire sjansar for å få oppleve både Skóg og låve. Om den første konserten er ein suksess kan det verte ein ny konsert allereie tidleg i oktober. Skorgen kan avsløre at dei har fleire ”uvanlege” konsertkonsept som vil finne plass i låven.