Komikar Fredrik Steen inntek intimscena Lille Ole Bull i Bergen til våren, med sitt nye soloshow «Uflaks». Steen, som for dei fleste er mest kjend for revyfiguren Hildegunn Moltubakk har også vore reporter og programleiar i radio, og er utdanna innan journalistikk og dokumentar ved Høgskulen i Volda.

I skrivande stund turnerer Steen med Sogn og Fjordane Teater, då han i tospann med Roger Hilleren spelar stykket «Skilte menn rir igjen». Etter planen vil Steen byrje å spele sitt nye soloshow til våren.

Med på laget har han skodespelar Kjersti Elvik, som blir regissør for soloshowet. Det skriv Steen på heimesida si.

Steen vil også ha med seg ein andre person, ein tekstforfattar. Den personen er enno ikkje valt ut, men det vil eventuelt komme på plass snarleg.