Brørne Are og Sturla Pilskog i Blåst film har i samarbeid med Ishavsmuseét Aarvak laga ein film der dei går tett på hendene til tidlegare fangstmenn. Men dei har også filma drivisen frå isbrytar og helikopter.

Sjå smakebit frå «Ishavshanda»

Ei reise i «handskap»

Det har blitt ei poetisk og vakker reise inn i eit «handskap» som har vore spesielt for Sunnmøre.

- Det er noko med det å ta folk i handa. Kanskje tenkjer vi at dette var verkeleg ei arbeidshand. Vi skal vere stolte av hendene våre. Eg håper at folk som ser filmen tenkjer over hendene sine, og ovr kva hendene har betydd for kulturen vår og kysten vi lever ved, kommenterer Are Pilskog.

Målet med filmen er å undersøke nærare den verkelege arbeidshanda. Brørne bak Blåst Film er mest kjende for suksessen «Havets sølv», som har vunne mange prisar i inn- og utland. «Ishavshanda» er den første filmen dei har regissert saman.

Kortfilmen varer i 11 minutt, og har fleire lokale aktørar. Blant dei som viser fram hendene sine er Idar Kaldhol, Tore Nedrelid, Arve Røyset, Arnljot Rolandsen, Jetmund Voldnes, Rolf Nakken, Reidar Pilskog, Ivar Vartdal, Odd Eiken og Roger Korsnes.

- Vi filma desse karane i løpet av tre dagar på dekket av Aarvak i september i fjor. Det var verkeleg ein positiv gjeng, og vi er svært imponert over tolmodet dei hadde med oss som insisterte på å filme hendene deira frå alle moglege vinklar, seier Are Pilskog.

Musikken er spesialkomponert av Gabriel Fliflet, og 25. april tek han vegen frå Bergen til Brandal for å halde konsert om bord i Aarvak etter sjølve premierevisninga.

Beathe Holstad ved Ishavsmuseet Aarvak var med på førehandsvisning av filmen ved Vestnorsk filmsenter i Bergen.

- Då filmen var slutt sat alle på rada framom meg og såg på hendene sine, og hendene til sidemannen, fortel ho.

Send inn handa di

Vikebladet Vestposten og Blåst  Film samarbeider om eit prosjekt som går ut på at folk sender inn foto av hendene sine. Ein del av dei blir hengt opp på Ishavsmuseét. Så langt har vi fått inn meir enn 40 bilete til redaksjonen og via instagram. Du kan sende inn dine bilete til andreas.bjerknes@vikebladet.no eller bruke Instagram. Då må du også nytte emneknaggen #handami.

Are Pilskog (på bildet) har saman med broren Sturla Pilskog laga kortfilmen «Ishavshanda». Her er Pilskog saman med Beathe Holstad frå Ishavsmuseet der filmen skal visast. Foto Andreas S. Bjerknes.