Galleri Pushwagner i Oslo var så nøgde med mottakinga av Pushwagner hos publikumet på Studio Hugo Opdal på Flø, at dei sender oppover tre splitter nye trykk av den populære kunstnaren.

– Dette er trykk som er heilt ferske og som ikkje har vore synt fram tidlegare, seier galleristyrar Audun Hopland.

Utstillinga med Hariton Pushwagner må seiast å ha vore vellukka så langt, i alle fall økonomisk. Det vert meldt om ein omsetnad på rundt ein million kroner etter at utstilinga opna førre helg.

Dei tre trykka, "Yellow Teddy", "Jazz" og "Runaway" vert ekspresslevert til Ulsteinvik for innramming, før dei vert hengt opp på Flø og er klare til å bli vist fram når galleriet opnar att førstkomande søndag. Også neste søndag vert det høve til å sjå utstillinga med Pushwagner, no altså i ei litt utvida utgåve.