Saman med May-Britt Moser og John O’Keefe vart Edvard Moser i 2014 tildelt Nobelprisen i fysiologi eller medisin for sitt forskingsarbeid på hjernen.

Spesielt å vere tilbake

Laurdag gjorde Moser publikum på Stemnefesten litt klokare som årets Stemnetalar.

– Tusen takk for invitasjonen, eg har gledd meg veldig til å kome hit og det er veldig hyggeleg at det endeleg lukkast. Det er spesielt for meg å vere tilbake her på Hareid. Eg har gitt om lag 1000 føredrag, men det er spesielt å kome tilbake for her møter ein også seg sjølv, sa Edvard Moser i innleiinga av sitt føredrag.

For nobelprisvinnaren er oppvaksen på Hareid, gjekk på barne- og ungdomsskule der, før turen gjekk vidare til Ulstein vidaregåande skule.

– Det eg skal gjere no er å fortelje litt om kva som har skjedd sidan sist. Eg var nemleg på scena her for om lag 40 år sidan, som medlem av Hareid skulekorps. Då trudde eg vel at det ikkje kom til å bli noko meir av meg på Hareidsstemna, for det var ikkje der eg hadde mine talent, fortalde Moser til latter frå salen.

Men sjølv om han ikkje vart musikar etter tida i skulekorpset, så har Moser funne sitt talent innan vitskapen.

– Eg budde på Hareid frå 1963 til 1981. Foreldra mine, saman med Hareid skule, Hareid ungdomsskule og Ulstein vidaregåande har vore med på å forme meg til den eg er og til å gje meg ein kunnskapstørst.

Stadsans

Den kunnskapstørsten har vore viktig på vegen fram mot dei funna som Moser og kollegaene har gjort. Funn som mellom anna viser korleis nerveceller hos rotter blir aktiverte i entorhinal cortex når dyret passerer ein viss stad.

– Desse stadane danna eit mønster. Det er så regulært at det dannar repeterande sekskantar, eit mønster som gjentek seg gjennom heile området. Det laga eit rutenett eller gitter som strekkjer seg gjennom heile det tilgjengelege miljøet. Det viste seg at dette var litt av koden til korleis stadsansen måler både avstand og retning.

Gittercellene var oppdaga, men Edvard Moser fortalde også om fleire typar celler, til dømes fartsceller og grenseceller som også spelar ei viktig rolle for stadsansen.

Forsøka Moser har arbeidd med har vore gjennomført på rotter eller mus, men forskaren slår fast at dette ikkje avgrensar seg til desse smådyra.

– Mange lurer sikker på om dette kan vere gyldig også hos menneska. Svaret er ja! Det finst også hos menneske, og har mellom anna blitt funne i dei få pasientane som har same type sensorar i hjernen. Det er funne hos menneske, hos apar, hos rotter og mus, og no også hos flaggermus. Det er spesielt interessant, for dei er på ei heilt eiga grein av evolusjonstreet. Og dersom dei same cellene finst både hos flaggermus og hos mus, rotter og for den del primatar, så må dei ha oppstått veldig tidleg i evolusjonen. Det betyr truleg at alle pattedyr har desse cellene, både gitterceller, grenseceller, fartsceller og heile greia. Det vi no må finne ut er korleis dei jobbar saman og det blir stadsans av det, men vi er ikkje kome så langt endå.

Arbeidet Edvard Moser er ein del av er ikkje berre viktig for å forstå hjernen, men kan også verte viktig for å forstå kva som gjer at vi får sjukdomar som Alzheimer.

– Alle kjenner nokon som har Alzheimer. Sjukdomen byrjar vanlegvis akkurat i det området vi studerer. Det er litt eit tilfelle, men kanskje ikkje så rart likevel, for sjukdomen byrjar ofte med ei svikt i evna til å finne fram, og svikt i minnet. Og det er desse funksjonane hippocampus og entorhinal cortex er viktige for.

Må forske på normalhjernen

Moser fortel at også hos pasientar som er fanga opp før sjukdomen slår ut, så kan ein sjå at størrelsen på entorhinal cortex er mindre.

– Når vi veit at levealderen i verda stig, så vil Alzheimer vere eit aukande problem. Vi har ingen kur for det, og veit lite om sjukdomen. Slik har det likevel vore for alle sjukdomar og det einaste som hjelper er å forske. Den må ikkje berre skje på Alzheimer, men også på normalfunksjonen til hjernen. Skal ein løyse Alzheimer og andre psykiatriske problem som også skuldast funksjonsendringar i hjernen, så er vi nøydde til å vite korleis normalhjernen fungerer. Elles veit vi ikkje kva som går gale.

Dette er eit viktig arbeid, men Moser meiner også det er viktig å gje folk flest eit forhold til forskinga og vitskapen.

– Det handlar ikkje berre om å få unge engasjert, slik at dei kanskje vel ei utdanning innan vitskap, men også for å få heile befolkninga til å forstå kvifor vi driv med vitskap og korleis ein kan bruke den til å ta viktige vegval og politiske val.

Edvard Moser meiner difor at det er ekstremt viktig med folkeopplysing, at alle veit forskjellen på vitskaplege fakta og «alternative fakta».

– Det er litt av motivasjonen for at eg står her, seier Moser.

Folkeopplysing: Edvard Moser heldt eit svært interessant føredrag under Stemnefesten. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes