Av ein eller annan grunn kjem boka «Bazarovs barn» frå 1983 meg i minne når eg les om dagens kamp for å gjere kjønn uvesentleg.

I «Bazarovs barn» skulda Kaj Skagen fleire sentrale norske forfattarar for nihilistiske haldningar. Nihilisme kjem av det latinske ordet «nihil»; ingenting. Som politisk filosofi inneber nihilismen ei fullstendig avvising av all religiøs og politisk autoritet, sosiale tradisjonar og tradisjonell moral. I «Bazarovs barn» meinte Skagen at ei rekke norske forfattarar vidareførde Bazarov si forakt for individet og livsviktige og livsberande verdiar og ideal.

Bazarov er ein figur i romanen «Fedre og sønner» av Ivan Turgenjev frå 1862, ein russisk romanklassikar i sitt århundre. Bazarov var ein ung lege, som hadde merka seg at frosken hadde dei same anatomiske strukturane som mennesket, med unntak for at mennesket gjekk på to bein. Ut frå dette utleidde han at skilnaden mellom mennesket og frosken låg i kompleksiteten og at når alt kom til alt, var ingenting eigentleg noko meir enn noko anna.

Derfor såg han også på religion som noko kunstig, noko «ingenting». Det næraste Bazarov kom å sjå mot himmelen, fortel han i den nemnde romanen, var når han skulle til å nyse …

«Bazarovs barn» gjekk i mange opplag og skapte ein veldig debatt. Lyrikaren Olav H. Hauge var mellom dei som støtta Skagen: «Eg er samd med han i det meste», skal han ha sagt.

Snart kan «menn» føde

Handlar kampen for å gjere kjønn uves-entleg om det same? Det er nemleg på trappene ei lov der du kan endre juridisk kjønn ved å fylle ut eit skjema. Det betyr t. d. at ei kvinne kan registrere seg som mann fordi ho føler seg som ein mann, sjølv om ho har alle kvinne-biologiske organ og vil vere i stand til å føde barn.

Snart vil vi altså kunne få menn som føder barn. Det kan bli ei ny utfordring for Språkrådet. Kva heiter mor di? Torstein.

At spørsmålet kjem opp er sjølvsagt ei vidareføring av stortingsvedtaket om å innlemme partnerskap i ekteskapsomgrepet.

Slik Bazarov fokuserte på likskapen mellom frosken og mennesket, fokuserer «kjønnsforkjemparane» i dag på likskapen mellom mannen og kvinna.

– Eit absurd synspunkt

Men den ofte framsette påstanden om at kjønn er ein «sosial konstruksjon», blir skarpt avvist av vitskapen: «Eit absurd synspunkt», meiner biolog og professor Dag Hessen i Vårt Land 11. juni der han tvert imot held fram den tydelege ulikskapen mellom menn og kvinner. Vi har ulike hormonsystem, og dei fysiologiske skilnadene gjer at det eine kjønnet befruktar og det andre ber fram barnet. Følelsane våre er sterkt knytte til hormonsystemet. Samfunn og kultur kan forsterke eller svekke karaktertrekk og tilbøyelegheiter, men dei naturlege trekka er utgangspunktet.

Vanskar med å skilje mellom likskap og likeverd?

Eg spør meg om også denne tendensen til å ville jamne ut det naturen har skapt ulikt også har ein tvilling i tendensen til å ville jamne ut og eliminere avstanden mellom dei to omgrepa LIKSKAP og LIKEVERD.

Ein treng ikkje vere lik det ein samanliknar seg med for å vere likeverdig. Det er ei universell sanning. Slik er det også med FRIHETER og FRIDOM. Å forsyne seg av alle tilgjengelege friheter fører ikkje nødvendigvis til fridom. Dei to omgrepa må balansere kvarandre. Naturen set sine grenser. Apostelen Paulus skriv ein stad at alt er lov, men legg til at ikkje alt gagnar. Det er ein viktig distinksjon.

Gir ikkje meir toleranse

Forunderleg nok fører ikkje den nye kjønnsteorien til meir toleranse mellom ulike kjønnsuttrykk. Toleranse bygger nemleg på at det er ein reell skilnad på folk (og på kjønna). Trua på den nye kjønnsteorien vil i staden føre til auka skepsis til toleranse, fordi toleransen nettopp har som utgangspunkt at der er skilnader.

I dag ser vi denne intoleransen bygge seg opp i massemedia, særleg der underhaldning og kundepleie er sentralt.

Derfor er det min påstand at det samfunnet treng mest av alt er sann opplysning, både om at kjønna er ulike frå grunnen av og om at det finst unntak frå det som er normen, som elles i all levande substans. Dette må vere grunnlaget for toleranse. Ikkje ein nihilisme som vil viske ut det normdannande, men ein toleranse for at eit kvart individ har like stor verdi, sjølv om vi ikkje er likt samanskrudde.

Antakelegvis; likskapen vil ha alt, og nåde den som er tolerant.