Prosess

Eg vil på det sterkaste avvise at dette har vore ein hasteprosess. Vi har vore i samtalar og forhandlingar med Hareid sidan 2014, og kjenner kvarandre godt. I tillegg hadde vi ein prosess som starta i 2010 og som leidde ut i eit forprosjekt som konkluderte med at det ville vere mange positive effektar å hente ut av ei slik samanslåing. Prosjektet stoppa opp på grunn av lite vilje frå dåverande kommunalminister (Navarsete) til å støtte prosessen vidare, ikkje som det vert hevda at kommunane ikkje såg ei hensikt i å fortsetje med arbeidet.

Mange har etterlyst Hareid-Ulstein alternativet og innbyggar-undersøkelsane viser at det er stor oppslutning rundt dette alternativet. (2014-2015-2016). Det er difor på fornuftig å ta dette opp til vurdering, sjølv om eg kan vere einig i at det burde vore eit alternativ allereie i mai. Det er og viktig å hugse på at vi skal jobbe vidare med detaljane i ei fellesnemd med 6 representantar frå kvar kommune (likt fordelt), slik at vi har på plass ei organisering av den nye kommunen i 2020. Då har vi  brukt 10 år på prosessen, og det kan ikkje kallast ein hasteprosess.

Avtalen

Avtalen er god for begge partar. Det har vore viktig for oss å få på plass ein avtale som skal kunne stå seg over tid. Vi har lagt vekt på å vere rause, men har likevel vore klare på at også Ulstein må kome godt ut av avtalen dersom den skal få oppslutning. Det vil vere særs uheldig dersom ein startar den nye kommunen med å ta omkampar. Det ville ein fort fått dersom kommunesenteret hadde blitt plassert på Hareid, for som det heilt korrekt har vore peika på frå nei-sida, er Ulstein langt større og ville kunne brukt makta si dersom det vart slike motsetningar. Dersom ein greier å skape gjensidig tillit i starten er utgangspunktet mykje betre. Eg kan ikkje sjå at Folkelista bidreg positivt til dette.  Eg trur det store fleirtalet vil kunne stå for avtalen i tida framover slik den ligg no.

Det vert vidare påstått at Hareid ikkje har fått noko i avtalen som ein ikkje har i dag, men at ein mister fleire viktige funksjonar. Til det er det å seie at Ulstein på si side «mistar» langt fleire funksjonar sidan desse no vert lagt til Hareid, kvifor er dette ikkje sett på som eit problem herifrå? Hareid får eit samla NAV kontor for begge kommuner, tannhelsetenesta vert samlokalisert på Hareid, legesenteret vert fornya og styrka. Det skal byggast aktivitetshus med kultursal, ny ungdomsskule og eit meir omfattande helsehus enn det som var planen i utgangspunktet. Hareid får i tillegg tilført mest pengar til sentrumsutvikling. Eg veit ikkje kva forventningar Folkelista eventuelt måtte ha, men å seie at ein ikkje har fått noko er mildt sagt usakleg. Folkelista etterlyser sentrumsutvikling på Hareid, og det er nettopp dette avtalen sikrar ved å skape meir aktivitet og investeringar i Hareid sentrum.

Økonomi

Det er underleg å sjå reknestykket til Nesset. Han slår fast at Hareidsdølingane må vere med å bere gjelda til Ulstein, noko som i og for seg er korrekt. Det han likevel unnlet å nemne er at ein også får ta del i inntektene som Ulstein kan vise til. For 2015 hadde Ulstein 3.575 kroner meir i inntekt pr. innbyggar sjølv utan eigedomsskatt i Ulstein. Dette er ein vesentleg del av forklaringa kvifor Ulstein tåler meir gjeld enn Hareid. Dersom Hareid hadde hatt same nivå på inntektene ville ein hatt om lag 18,5 millionar meir å rutte med pr år, noko som ville kunne forsvart ei investering på om lag 320 millionar åleine. Dersom ein ser begge kommuar under eitt vil Hareid forholdsmessig få 11,5 millionar meir i inntekt. Differansen mellom gjeld og inntekt er difor om lag 1,2 millionar (231 kr pr innbyggar) for Hareid sin del.

I tillegg dekker han over at det nye inntektsystemet vil straffe Hareid kommune med 4 millionar pr år dersom ein ikkje slår seg saman frivilleg (770 kr pr innbyggar). Dette er pengar som først må dekkast inn før ein kan begynne å investere meir. Mon tru om ikkje dette vil vere ei utfordring for dagens tenestestruktur?

Han nemner heller ikkje dei openbare innsparingane det er med å slå saman administrasjonanane og dei folkevalde til ei eining. Etter våre berekningar vil dette kunne spare mellom 10-12 millionar pr år på ei slik samordning. Effekta vil ikkje kome med ein gong sidan vi ikkje skal seie opp nokon i administrasjonen som følgje av samanslåinga, men ved naturleg avgang vil dette vere mogleg innan nokre år. Samla effekt for den nye kommuna med reformstøtte, inntektsystem og effektivisering er om lag 15-19 millionar pr år i snitt over 20 år. Det vil sei 300-380 millionar i perioden. Og dette er pengar som vil kunne vere med på å sikre dagens tenestestruktur, også skulane.

Eg har sans for ein god debatt, og skal gi Folkelista honnør for at dei bidreg til dette, men eg skulle ønske at saklegheitsnivået var noko høgare. Eg håper folk i Ulstein og Hareid ser fordelane som dette kan gi, og trur på ei framtid ilag.

Knut Erik Engh

Ordførar i Ulstein.