Bakgrunnen for utspelet til Knut Haddal er eit oppslag i Vikebladet Vestposten tysdag 6. desember, der vi kan lese frå SSB sin statistikk at det i Ulstein og Hareid er uvanleg mange gutebarn målt mot jentebarn i aldersgruppa 0-4 år.

– Men dette er då ikkje noko nytt, varslar Knut Haddal. Han er fødd og oppvaksen i Ulstein kommune, men har hatt størsteparten av sitt vaksne liv på Hareid. No er han tilbake i Ulsteinvik.

– Eg er fødd i Ulstein i 1933. Det året vart det fødd over dobbelt så mange gutar som jenter. Og då var det verken krig eller mykje pendling.

- Av langt betre kvalitet

Haddal vart konfirmert i Ulstein i 1947, og då var kullet på 14 jenter og 34 gutar.

– Berre tre av jentene har gått bort. Godt over halvparten av gutane er borte.

– Frå skapelsen av er jentene av ein langt betre kvalitet enn gutar. Dei skal føre slekta vidare, og dei lever lenger. Det er berre å sjå på sjukeheimane. Det er er nesten berre damer som sit i lenestolane, sier Haddal.

– Og ikkje minst designen er meir vellykka, legg Haddal til og spør om vi kjenner skapingshistoria:

– Først skapte Gud mannen, og det var ikkje så vellykka. Ikkje klarte han seg åleine, heller, og derfor måtte han skape ei dame. Og ho vart mykje meir vellykka. Ikkje minst designen, smiler Knut Haddal.