I førre veke var statsminister Erna Solberg på turné i innlandsnorge for å fortelje veljarane at distriktsnorge går fint med Høgre i førarsetet. Denne veka har ho turnert på Sunnmøre. Først på Haramskonferansen, der Vard kunne sleppe nyhendet om krillbåt-kontrakt til ein milliard kroner. Ein kontrakt som kanskje ikkje hadde blitt noko av, viss ikkje regjeringa hadde gitt GIEK og Eksportkreditt høve til å vere med på finansieringa. Seinare på dag var ho både i Ulsteinvik og Ørsta for å møte representantar for næringslivet.

Det er bra at statsministeren viser interesse for utfordringane næringslivet langs kysten no står midt oppe i. Men det er også heilt naudsynt for henne. I Norge har talet på tilsette innafor olje- og gassnæringa på kort tid blitt redusert med om lag 50.000, og for regjeringa blir det svært viktig å bidra til skaping av nye arbeidsplassar.  I Ulsteinvik uttalte Solberg at regjeringa har vridd fram ein del midlar og at det i denne omgang ikkje er så mykje meir dei kunne gjere inn mot verftsnæringa. I Ulsteinvik fekk ho også møte toppsjef Mikael Makinen i Rolls-Royce Marine. Selskapet skal slankast med 200 tilsette i Norge, og 176 har no sagt ja til sluttpakke. Krisa i oljebransjen er ikkje slutt, og veljarane på Vestlandet kjem til å følgje næringspolitikken til Høgre-regjeringa med argus-auge fram mot valet i september. Nokre feilskjer der – og Senterpartiet med Slagsvold Vedum i spissen kan fort kome til å ri forbi med bodskapen om ei sterkare satsing på distrikta.