I dag skriv vi om ein rusmisbrukar som bur under kummerlege forhold i Ulsteinvik, og om ei fortvila mor som føler hjelpeapparatet til dottera har svikta i mange ledd. Eit innlegg mora la ut på Facebook for nokre dagar sidan vart delt over 170 gonger – før ho fjerna det. Men mange har fått med seg innlegget til mora, og vi meiner det er legitimt å setje søkjelys på saka hennar.

Den unge kvinna har sete i fengsel i tre månader, og ho kom heim til eit kommunalt husvære med attsprikra vindauge og opne dører etter innbrot. Hovudpoenget til mora er at skal dottera klare å halde seg rusfri, må ho ha eit hjelpeapparat som står klar til å støtte henne.

Ordførar Engh svarer i ein kommentar at det ikkje er grunnlag for å kritisere kommunen. Dette fordi kvinna kom ut av fengsel før tida, ei veke før. Men vindauga hadde vore øydelagde i månadsvis, og det verkar som ei tynn unnskyldning å vente med reparasjonar så tett inn i heimkomsten. Ulstein kommune har hatt nøklar til husværet, og rusmisbrukaren hevdar ho har hatt kontakt med ein i den kommunale ansvarsgruppa medan ho sat inne, og gitt løyve til at dei kunne gå inn i leilegheita for å rydde opp.

Eit bra husvære er eit viktig element for trivsel, og kan vere avgjerande for å halde seg rusfri etter eit fengselsopphald, og her har kommunen svikta. Det same har truleg kommunikasjonen mellom rusomsorga og fengselet.