Ulstein kommune vann ikkje fram i ankesaka mot Glen Børge Løset Flø. Det var ikkje overraskande.

Kommunen klarte nemleg ikkje å bringe nye opplysningar og vitne inn i lagmannsrettssalen, moment som kunne ha rokka ved avgjerda i tingretten om at Ulstein kommune må ta ansvar i mobbesaka. Ein skulle tru at ankeavgjerda botna i at kommunen hadde nye kort å legge på bordet. Det hadde dei ikkje, og det var overraskande. Kommunen fekk rett nok redusert erstatningssummen, men sidan sakskostnadene har auka, går vinninga opp i spinninga.

Det vert uansett feil å snakke om vinnarar og taparar i denne saka. Det er mange involverte, som i ting- og lagmannsrett har vorte konfrontert med val dei gjorde for tjue år sidan. I domen frå lagmannsretten er til dømes fleire av mobbarane namngitt. I to rettsinstansar har dei fortalt om det som skjedde på barneskulen, då dei var nettopp det: barn.

Denne saka er sjølvsagt ei ripe i lakken for Ulstein kommune. Det er heller inga kjekk sak for dei som var nærast Flø i skuletida: medelevar og lærarar. Domen slår fast at mobbinga gav Flø varige skadar, og at tiltaka som vart sett inn i skulen var utilstrekkelege og lite målretta.

No er det opp til politikarane i Ulstein å avgjere om det skal setjast punktum i saka eller ikkje. Avgjerda om saka skal ankast til Høgsterett må naturleg nok bygge på faglege råd frå ein jurist.

Kommunen er sjølvsagt i sin fulle rett til å prøve å få saka behandla i Høgsterett. Spørsmålet om kva ansvar ein kommune har, er prinsipielt viktig og interessant for alle kommunar i landet.

Det bør difor ikkje kome overraskande viss Ulstein kommune ankar nok ein gong.