Ja, kva gjer Herøy kommune når skatteinngangen sviktar?

Dei gjer eit iherdig forsøk på å sette tæring etter næring. Det som Tove-Lise Torve seier om kva fylkeskommunen må gjere. Ho er gruppeleiar for Ap i Møre og Romsdals fylkesting.

Vi får håpe at Ap i Ulstein kommune har same moralske tankegangen.

Tove-Lise Torve skriv om dette i ein artikkel i Sunnmørsposten den 9. januar 2018.

Rådmenn rår gjerne til eigedomskatt, og dei kan personleg godt få betale denne skatten for meg. Dei har særs god lønnsinnkome, og tenkjer ikkje nok på dei som slit økonomisk.

Rådmannen i Herøy foreslo eigedomskatt, men då sette kommunestyret ned foten.

Rådmann og sektorleiarar må no sette i gong å spare inn 20 millionar, anten dei likar det eller ikkje.

Kommunalleiar i Herøy kommune Rossi-Kaldhol seier i Vestlandsnytt 12/01-18 : ”Vi har starta ein prosess ilag med hovudtillitsvalte og verneombod, for å sjå korleis vi skal løyse oppdraget best mogleg i vår sektor.”

Ho sit som representant for Ap i kommunestyret i Ulstein.

Vi får håpe at ho er ei av dei som tek eit tilsvarande tiltak i Ulstein kommune også, og at ho får med seg heile Ap i Ulstein.

Partiet treng verkeleg eit løft no. Dei kan ikkje berre køyre på som dei har gjort til no. Ap skulle vore eit parti for dei som har minst økonomisk tilgong. Eit parti for utjamning.

Behovet for innsparing i Ulstein er vel så stort som i Herøy, så det er ikkje berre Ap som må ta grep, men også Sp, Krf, Frp og SV.

Venstre og Høgre har alt signalisert vilje til ei slik innstramming i sine alternative budsjett. Men dei vart nedstemte av Ap, Sp, Krf, Frp. og SV.

Rådmannen vart intervjua i VV 4.januar- 18 og virka då stolt av at han var leiar for over 600 tilsette. Slik situasjonen er i Ulstein kommune burde han på eige initiativ teke grep om ein reduksjon i mengd av tilsette. I staden for å skryte av at han i 5 år på rad har forslege å innføre eigedomskatt.

Dersom han er ein god bedriftsleiar, hadde han nok måtta teke skikkeleg grep i kostnadssida i kommunen, når inntektene svikta.

Eg har ikkje god dokumentasjon på det, men eg berre spør: Er det tilfelle at det også i 2017 har vorte 5-6 fleire tilsette i kommunen, og at stillinga til oppvekstsjefen må utvidast med ein person, eller er det alt gjort?

Er det sant at kommunen har drege på seg eit leigeforhold med parkeringsplassar, der ein skal betale 1,5 millionar årleg i 10 år, til saman 15 millionar kroner? Det vil seie meir enn eigedomskatten første året?

Kvar skal dette ende? Sett i samanheng med slik den økonomiske forståinga og handlingane er mellom fleirtalet i Ulstein kommunestyre må ein berre seie at dessverre er det desse vi har valt.

Vi får følgje med vidare. Vi treng nok ei heilt anna samansetting i kommunestyret når neste korsveg kjem om omlag 1,5 år. Lit ikkje på at veljarane sin hukommelse politisk er dårleg!

Eit førebels råd kan være å fylje med kva dei gjer i Herøy for å unngå eigedomskatten og manglande betjeningsevne av gjeld med meir.

Sjølv om det no vert innført eigedomskatt i Ulstein, kan problemet verte så stort at denne skatten ikkje kan demme opp for dei kommunale problema, dersom kommunen ikkje tek skikkeleg grep på kostnadane og det som har med drifta å gjere. I dette ligg også ein fullstendig stopp på investeringar og tilsettingar.