Måndag avgjer fylkestinget om Distriktstannklinikken på Hareidlandet skal ligge på Hareid eller i Ulsteinvik. Kultur- og folkehelseutvalet i fylket tilrådde Hareid, i fylkesutvalet vart det fleirtal for Ulsteinvik.

Fylkeskommunen brukar argument som «berekraftig klinikkorganisering», «gjere tannhelsetenesta konkurransedyktig i kampen om kompetente behandlarar» og «meir stabilt og fagleg betre til innbyggarane». Fylket har i dag 37 tannklinikkar.

Sakspapira til fylkestinget sitt møte måndag avdekkjer ein ny tone i samarbeidsklimaet mellom Hareid og Ulstein.

Vi snakkar om dei to ordførarane som sommaren 2016, med statsminister Erna Solberg som vitne, skreiv under ein intensjonsavtale om å slå saman Hareid og Ulstein. No vart det ikkje noko samanslåing, men ordførarane har halde fram med å ivre for samarbeid. Dei har også fått det til praksis: NAV til Hareid, brannvesenet til Ulstein er døme på det.

Difor er det litt trist å sjå korleis tannklinikkdebatten har utvikla seg. I ei lokaliseringssak er det heilt naturleg og nødvendig at lokalpolitikarane engasjerer seg og gjer det dei kan for å påverke dei som skal gjere det endelege vedtaket. I dette tilfellet er det fylkespolitikarane som har det siste ordet.

Men når den eine brukar ord som «faktafeil og vikarierande argument», den andre skriv at han er «noko forundra og skuffa» over kollegaen, er samarbeidet i fare.

Håpet må vere at Hareid og Ulstein ikkje ryk evig uklar på grunn av eit fylkeskommunalt tilbod, men klarer å halde fram med ein god, interkommunal samarbeidstone.