Her ein kveld stod eg inne på ein butikk for å handle mjølk og brød. Inn kom ein person i Norled-termodress – og nysgjerrig som eg er, vart eg ståande å lytte til samtalen den termodress-kledde hadde med ein kjenning. Eg forstod at vedkomande var matros og hadde hatt ein tøff dag på jobben. Matrosen fortalde om folk som kjefta, folk som kasta ombordstigingskorta etter dei og om folk som hytta med knytta neve opp i andletet på dei.

– Eg kan forstå at folk blir frustrerte over at dei må vente over ferjeavgangar, men det er ikkje vår skuld at trafikksituasjonen har blitt slik, sa matrosen. Og her er vi ved eit kjernepunkt. Det er liten tvil om at Møre og Romsal fylkeskommune har inngått ein dårleg avtale med ferjeselskapet Norled på strekninga Hareid-Sulesund. Men å la dette gå utover ferjemannskapet blir å rette bakar for smed. Dei fleste av oss har lært kva som er god folkeskikk og danning. Den må vi ta i bruk. Det siste eg snappa med meg frå historia inne på butikken var at det no er fleire av Norled-mannskapet som har blitt sjukmelde på grunn av illsinte passasjerar. Matrosen såg sliten ut.

Syng gjerne ut om eit for dårleg ferjetilbod, men skyt ikkje på matrosen når det er andre som har ansvaret.