Striden mellom Kristeleg Folkeparti (Krf) og Framstegspartiet (Frp) har vel lagt seg no. Om enn så lenge. Per Sandberg (Frp) tok laust i Politisk Kvarter på NRK P2. Han meinte at Krf med sine innvandrarhaldningar var skuld i terrorisme og mord på kvinner og barn. I eit lite sidesteg fekk han og sagt at det ikkje berre var Krf, også andre parti hadde skuld. Naturleg nok sto Krf sin leiar Knut Arild Hareide heilstøtt gjennom orkanen, eit slikt angrep måtte det vere ein rein fryd å få kommentere. Han skåra truleg flest poeng på å vere mest lei for at heile grupper av nye landsmenn vart skorne under same lest. Sandberg på si side skåra retoriske poeng då han sa at Hareide fekk kome med framlegg til korleis han kunne beklage seg på best mogleg måte, så skulle han sjå på det. Det var heitt i alle media då striden sto som verst.  Denne kommentaren skal handle om ytringsfridom og forarbeid til det tilstundande kommunevalet.

Ytringsfridom

I ytringsfridomen sitt namn kan Per Sandberg ytre det han vil, til liks med karikaturteiknarar som er viljuge til å døy for retten til å teikne Muhammed; sjølv som ein hund – ei dobbeltfornærming av klasse. På eitt nivå kan ein tenkje at det Per Sandberg gjer, er det same som karikaturteiknarane. Dei er viljuge til å betale prisen for ytringsfridomen, for sistnemnde gruppe  truleg ein langt høgare pris enn Sandberg og Frp. For Sandberg kan prisen vere større veljaroppslutning eller ei. Fleire likar at nokon ”tar bladet frå munnen”, og gløymer at det ikkje er i tråd med humanistiske eller kristne verdiar å mistenke alle innanfor andre folkegrupper som potensielle terroristar og mordarar. Å kategorisere slik er rett og slett respektlaust og uverdig. Å ytre seg på populistiske måtar er og lettvint når ein ikkje må stå til ansvar, berre hauste billege poeng. For andre vil Sandberg sine ytringar vere av ein slik karakter at dei har ikkje lenger injurierande kraft, ein tek han rett og slett ikkje på alvor. Noko regjeringskrise vert det heller ikkje av slikt, sjølv om regjeringssamarbeidet surnar.

Dialogen som forsvinn

Hardtslåande synspunkt har sin underhaldningsverdi. På riksnivå meiner somme at Sandberg no er kome i klasse med tidlegare politikarar som Finn Gustavsen og Hanna Kvannmo, som var ein fryd å lytte til frå  Stortinget sin talarstol. Dei ville nok ha betakka seg for innlemminga. Dei evna å spissformulere meiningane sine utan å trakke på andre, aller minst på dei svakaste. Dei inviterte i politikken til å sjå saker frå andre sider, og fekk etter kvart i si tid nyte stor respekt i andre leire, sjølv av dei som ikkje var samde. Eg er slett ikkje sikker på om Sandberg får annan respekt enn av dei som står på same sida.  Dei vil hevde at  ”…nokon må jo seie dette” som er så tabubelagt i norsk politikk. Men dialogen forsvinn når posisjonane vert for bastante. Det er inga bru mellom dei. Til slutt er det rå makt; dei partia som får mest oppslutnad i val, får makt og hegemoni for ei stakka stund.

Demokratiske prosessar

Politikk er det moglege sin kunst vert det hevda, og politikken er best når ein får til beslutningar  og samfunnsløysingar som dei fleste ser seg tente med. Velferdsstaten og utdanningssystemet er døme på ordningar det har vore brei politisk semje om. Så langt. Her på Hareidlandet er det t.d. brei semje om løft i eldreomsorga, anten det er heimetenester, omsorgsbustadar eller  sjukeheimsplassar. Om ho ikkje skin rett no, så er det av problem som kjem når dette skal finansierast. Det har kome sidevindar av andre naudsynte behov som har teke bort den økonomiske handlefridomen. Om det har vore andre prioriteringar, er det ikkje viljen kan ein seie noko på, vil lokalpolitikarane seie. Men om ein får til prioriterte løysingar, er det gjennom forhandlingar og til slutt stemmetal i demokratiet sitt namn, og slik sett vil andre saker berre vere fromme programløfte.

Kven vil inn

Når vi får slike utspel som frå Per Sandberg og med all den støyen som følgjer, tenker mange som så at politikk ikkje er noko for meg. Det vert rein underhaldning, og særs mange skyr politiske parti og vanleg partiarbeid. Ja, somme attpåtil foraktar og latterleggjer dei som vil fellesskapet sitt beste og bruker mykje uløna tid på politikk. Ein kvar er seg sjølv nok. I mellomtida har dei politiske partia jobba hardt for å få på plass kommunevallister for valet til hausten. Berre her på Hareidlandet er det om lag 275 listekandidatar ein må finne fram til, om ein skal halde nivået frå 2011. Det er berre vel ein månad til fristen for å levere inn lister går ut. Men finst det nok kandidatar av båe kjønn, av ulike alder, ulike livserfaringar og med ulik etnisk bakgrunn som vil ta på seg å fylle desse listene nok til at ein får eit representativt kommunestyre? Vel har dei største partia alt lufta listene sine, men det bør vel ikkje vere slik at to- tre parti gjer reint bord? Vel så viktig er det at dei mindre partia finn sine kandidatar, slik at breidda i det politiske landskapet vert ivareteke. Det borgar for ein annan type politiske prosessar.

Finst det alternativ?

Siste ti- femten år har tilhøvet mellom fag, administrasjon og politikk vore under debatt. Kor mykje skal forvaltninga og administrasjonen ta seg av, kva er politikarane si oppgåve. Når større beslutningar som gjeld fleirtalet vert fjerna frå politikarane sitt bord og flytta inn i lukka rom, oppstår det som Erik Oddvar Eriksen alt i 2001 ga tittelen Demokratiets sorte hull. Fordelen med politikk er at dei aller fleste prosessar er opne og kan vere gjenstand for etterprøving av verdiar og argument som låg til grunn. Og er det reint for ille, kan det verte nye konstellasjonar alt etter 4 år. Ein kan difor spørje seg om det er noko alternativ til politiske systemet som vi  kjenner det på riks- og kommunenivå. Etter mange år som rimeleg samfunnsengasjert har eg særs vanskeleg for å sjå dette. Føresetnaden er då at vi har politikarar som er viljuge til å ta på seg jobben. Det kan hende dei ytrar seg slik at dei skaper støy, men det kan vi faktisk leve med, og så får fleirtalet syte for at det ikkje får for mange negative konsekvensar og møte han med blanke argument.