2:5 dietten? Ja, eg har prøvd han. Ein halv dag.

Det er mange år sidan. Av ein eller annan uvant grunn var eg og storesøstrene mine overlatne til oss sjølve og vår eiga matlaging ein vårdag på indre-Hareid. Vi var i rette alderen. I alle fall søstrene mine. Dei gjekk på ungdomsskulen og meinte det var på tide med ein slankekur. Dei fekk det for seg at dei skulle faste. Og eg hadde det med å vere med på moroa.

Det gjekk fint heilt til klokka nærma seg 11 på formiddagen. Då var det to svoltne søstre som innførte yoghurt i fastedietten. Problemet var berre at det var tomt for det i kjøleskapet. Nokon måtte ut og handle. Det var ei halv mil å sykle tur-retur til nærmaste butikk. Gjett kven som fekk jobben?

Eg trakka i veg, både fram og tilbake. Sveitt og med samvirkelagsposen full av melonyoghurt ante eg uråd alt då eg nærma meg oppkjørselen heime. Lukta av steikt bacon seiv sakte utover i retning Plassane. Inne på kjøkenet fann eg to søstre med spekeskinka mellom seg på kjøkenbordet og munnen full av mat. Fasten var avblåst. Eg har ikkje høyrt ordet nemnt seinare frå den kanten.

Men for meg var dette berre første møte med aparte diettar. Både dei eg sjølv har gjennomgått og dei eg har observert hos andre. På sommarjobb i Paris vakna eg kvar morgon av knitringa av dropspapir. Det var romveninna mi som inntok frukosten på senga. Resten av dagen åt ho stort sett ingenting.  Så var det ho som stadig skulle på do. Bak den lukka døra kunne eg ikkje unngå å til tider høyre ein del særmerkte lydar. Men av høfligheitsomsyn spurte eg aldri om ho var dårleg i magen. Først seinare fekk eg  høyre at det var noko som heitte bulimi. Sjølv om eg framleis har  problem med å forstå at nokon frivillig vil kaste opp. Så var det ho som levde på cottage cheese og knekkebrød det eine halvåret og gjekk ned 10 kilo for så å fråtse i tolitersbokser med is det neste halvåret, og gå opp igjen 20.

At noko så naturleg som mat, kan vere så vanskeleg.

Kva som til ei kvar tid er den rette dietten varierer på fascinerande vis. Når storfamilien vår samlast sånn eit par gongar i året, kjem vi frå ulike delar av landet, med kvar våre diettar. Eller allergiar, som det no så fint heiter. Gluten er kasta ut av bursdagskaka for lenge sidan, så var det sukkeret sin tur, laktosen gjekk same vegen og  etter kvart alle former for mjøl og kornvekstar. Og når han med nøtteallergi også er med i baksetet, kan det bli heller skrint på kakebordet. Skulle ein tru.

Men, nei da! Oppskrifter på flotte lagkaker der stort sett alle ingrediensar er tatt bort, er å finne på dei fleste supermat-bloggar med respekt for seg sjølv.

Redninga er feittet. Medan det meste anna er usunt, har feittet fått sin revansj.

Det er ein til som har fått revansj. Faren min. Han har site ved enden av kjøkkenbordet og skore solige skiver av spikekjøtet med kvite feittrender i alle år og påstått at feitt er livsviktig. Han har heldt fana høgt for H-mjølka, sjølv om det har kome stadig tynnare «skôlevatn» i mjølkekartongane i butikkhylla. Vi som berre har ledd av han og rista på hovudet sidan syttitalet, set no skummamjølka i halsen. Han har rett. Han har hatt rett heile tida. Feitt er ikkje så farleg for hjartet som alle har trudd, det er ikkje så feitande som vi frykta og kroppen vår treng det både for å bli sunne og glade. Og sjølv går karen rundt og er over åtti og sprek som ein fole.

Legar som brukar mat som førebyggande medisin blir ikkje lenger sett på som kvakksalvarar. Lege og matinspirator Berit Nordstrand samla ein fullstappa sal i Ulsteinvik for nokre veker sidan. Eg var utskremd medarbeidar frå lokalavisa og sat med open munn og lytta til for ein skilnad mat kan gjere på helse og humør. Fløtebaserte sausar, var to ord som gjekk igjen fleire gongar under det mange timar lange foredraget. Det rumla meir og meir i magen min. I pausen vart det berre servert vatn og fruktbitar på kakefatet. Noko som forresten var heilt tomt då eg kom så nær at eg kunne strekke ut ei hand i folkehopen.

Det heile lovar godt for eit friskare folkeferd her på øya.

Eg for min del fekk dosen min med slankekurar for mange år sidan. Då lova eg meg sjølv at eg aldri i livet skulle slanke meg igjen. Eg har halde det eg lova, men no vurderer eg alvorleg å starte på nytt, no når diettane smakar så godt. Det må i tilefelle bli ein proteinrik lavkarbodiett neddynga i friske grønnsaker, gode ostar og fløtebaserte sausar. Og gjerne toppa med litt sjokolade til slutt. Eller ei skål med antioksidantar, som eg kanskje bør  begynne å kalle det. Eg kjenner eg blir i godt humør, berre ved tanken.