Året 2013 har vore nok eit aktivt år for Ulstein kommune. Innbyggartalet passerte 8000 i juni og ser framleis ut til å vekse vidare. Vårt fantastiske næringsliv går «så det susar», men må heile tida ha sterk fokus på innovasjon og nyskaping i ein internasjonal marknad med mange konkurrentar om oppdraga. Framtidsutsiktene for dei maritime næringane ser lovande ut, sjølv om mykje er knytt opp mot ei oljeverksemd som framleis gir store inntekter til det offentlege, men som samstundes er utfordrande i høve eit særnorskt pris- og lønsnivå. Likevel er det framleis grunn til stor optimisme, både nasjonalt og lokalt.

Ulstein kommune på si side har mange større prosjekt på gang, ikkje minst for å styrke grunnlaget for vidare vekst og utvikling i kommunen, og for å legge tilhøva enda betre til rette for næringslivet og for innbyggarane våre, både dei unge og dei eldre. I stikkordsform kan nemnast, ny kommunal veg gjennom Holsekerdalen, nye omsorgsbustader i Holsekerdalen, ny sjøgate og fullføring av Sjøsida-prosjektet, også der med kommunale omsorgsbustader, nye bustadfelt i sentrumskrinsen, og ikkje minst vedtak i kommunestyret om gjennomføring av Arena Ulstein – prosjektet, sjølv om dette prosjektet er meir omstridt enn dei andre. Dessutan har kommunen gjennomført ei storstilt brukarundersøking av kommunale tenester, for betre å kunne vurdere både omfang og kvalitet på tenestene våre. Resultatet av denne undersøkinga vil verte nærare offentleggjort ein gang over nyttår, når handsaming av svara er nærare avklara. I tillegg vil det verte gjennomført systematiske brukarundersøkingar framover innafor einskilde tenesteområde for å kunne utvikle og tilpasse dei kommunale tenestene enda betre til den einskilde brukar sitt behov. Slik sett kan ein trygt seie at også Ulstein kommune driv systematisk utviklingsarbeid.

Året 2014 vert truleg også eit spanande år både nasjonalt og lokalt. Vi har fått ei ny regjering som gjennom si regjeringserklæring har gitt klare signal om endringar som i høgste grad vil kunne verte relevante også for kommunal sektor. Ma. vil ein sjå nærare på kommunestrukturen i Norge, skattepolitikken vil verte endra både i høve den personlege inntektsskatten, formueskatten og  arveavgifta, og ikkje minst relevant for vår kommune: deler av selskapsskatten vil verte tilbakeført til kommunar med eit sterkt næringsliv, og kommunar med sterk vekst vil få behalde ein større del av skatteinntektene i eigen kommune. Summen av dette gir grunn til optimisme for ei kommune som Ulstein med så stor og vedvarande vekst, og med eit så stort og tungt næringsliv som vi har her. Vonleg vil resultatet av desse signala nedfelt i regjeringserklæringa verte klarare når statsbudsjettet for 2015 vert lagt fram i oktober 2014.

Med eit slikt bakteppe er det all grunn til å takke våre innbyggarar, tilsette og næringslivet for året 2013, eigentleg eit fantastisk år for Ulstein kommune. På vegne av kommunen vil eg på denne måten også få nytte høvet til å ynskje alle våre innbyggarar eit riktig godt nyttår 2014, heilt sikkert også eit spanande år for alle som bur og arbeider i denne fantastiske kommunen vår.

Jan Berset

ordførar