Historia om «Ullensvang» er historia om ein svekling av ei fylkeskommune, eit skakkøyrt anbodssystem og ein fråverande stat.

Eg trur det vakre, fruktdyrkande heradet i Hardanger er i ferd med å få eit omdømmeproblem her på Ytre Søre.

«Ullensvang». Ordet som får det til å gå kaldt nedover ryggen for folk på Ytre Søre. Vi vil ikkje bli ståande att på kaia på Sulesund med «utolmodige» born i baksetet. Vi vil ikkje vente på ei forseinka ferje på veg heim frå jobb. Vi vil ikkje bli vinka ned i det klaustrofobiske nedre dekket.

Norled har rett i at «Ullensvang» ikkje er ei lita ferje. Den tek berre nokre få færre bilar enn «Tidesund», som den skal erstatte. Og den har ein flott salong på øvre dekk. Men det hjelp ikkje. Hareid - Sulesund er ikkje noko turistrute. Det er eit av dei viktigaste ferjesambanda på Vestlandet, og har meir trafikk enn til dømes E39-sambandet Festøya - Solevågen.

Hafast er flott, men dei fleste innser at det tek nokre år før vi kan køyre ferjefritt til «Bya». Eit godt samband nordover er likevel ikkje noko mindre viktig no enn om 10 år eller 20 år. Skal næringslivet her ute ha sjanse til å klare seg, er eit godt ferjetilbod eit minstekrav.

Eit slikt samband treng ei effektiv, moderne ferje med breie landgangar og salong utan trapper. «Tidefjord» og «Tidesund» er ideelle ferjer på dette sambandet. Det er ikkje «Ullensvang». Det fekk vi alle sjå då ferja vart sett inn som erstatningsferje då «Tidesund» var på verkstad førre veke.

***

Problemet stikk likevel djupare enn som så. For nokre år sidan gav staten ansvaret for riksvegane til fylkeskommunen, og døypte dei om til fylkesvegar. Det vil seie at fylkesveg 61 og alle andre vegar med kvite skilt er fylkeskommunen sitt ansvarsområde.

I kommunevalkampen i 2011 snakka mellom andre Venstre høgt om tre ferjer og 20 minutts avgangar. No, når anbodsrunda er over, viser det seg at fylkeskommunen ikkje ein gong klarer å finansiere eit godt nok toferje-tilbod over fjorden.

«Eg beklagar og ser det er for dårleg. Men det finst ikkje mulegheit til å ta kostnaden no. Eg ønskjer sjølvsagt fornying, med det har vi ikkje råd til.» Det sa Oddbjørn Vatne (Sp) leiar av samferdsleutvalet i fylkeskommunen, til Herøynytt i januar.

Problemet gjeld ikkje berre Hareid - Sulesund. Sambandet mellom Larsnes, Åram, Voksa og Kvamsøya blir avsett med den skrøpelege ferja «Austevoll» frå 1979. Fylkeskommunen har også store problem med å halde oppe standarden på vegane mellom alle ferjene her i Nordvest.

Det er for lite konkurranse om ferjerutene og det er for lite heilskapleg tenking om utlysing av ferjerutene. Ein burde lyst ut langt fleire ruter i ein pakke. Då hadde reiarlaga fått høve til å få stordriftsfordelar og prisane kunne blitt pressa ned. Men mest av alt har fylkeskommunen rett og slett for små økonomiske musklar.

***

Anbodssystemet for fylkesvegferjene er skakkøyrt. Fylkeskommunen har vist seg å vere ute av stand til å gi folk og næringsliv eit godt nok ferjetilbod. Du kan gjerne seie at dette er nok eit døme på at fylkeskommunen ikkje er i stand til å løyse oppgåvene dei er sett til.

Eg er ikkje usamd i det. Hovudproblemet er likevel at staten, ved dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete, har ført over ansvaret for ein sentral samfunnsfunksjon til ein svekling som fylkeskommunen. Og at pengane som følgde med, ikkje strekte til. Ikkje på langt nær. Når kostnadsauken på ferjedrifta kom, vart problemet berre endå verre.

Det kjem ikkje til å bli billegare å drive ferjer i framtida. Prisane kjem til å klatre vidare. Det er heller ikkje særleg sannsynleg at fylkeskommunen får musklar til å handtere kostnadene. Konsekvensen er enkel å sjå for seg. Færre avgangar, gamle ferjer, venting på kaia, varer som ikkje kjem fram og ei befolkning og eit næringsliv i trøbbel.

Fylkeskommunen er som eit tenåringsbarn som har fått ansvar for å ta hand om huset medan staten er på sydenferie. Problemet er berre at tenåringen må betale dei enorme ferje- og vegrekningane som dett ned i postkassa med småpengane han tener på sommarjobben i kassa på Rimi. No må sydenturistane vakne og sende oppover eit kredittkort.