Den 21. januar fylte prinsesse Ingrid Alexandra 13 år, og kongehuset fekk ein ny tenåring i familien. Trass i sin unge alder er prinsessa blitt godt vande med å bli fotografert, og har allereie hatt fleire offisielle oppdrag. At Ingrid Alexandra er arveprinsesse er ikkje vanskeleg å sjå. Eg har møtt og sett mange 13-åringar, men sjeldan nokon så forfina som vår eiga prinsesse. På dei mange bilda av storfamilien, på offisielle portrett og i andre samanhengar, er det lett å sjå kven som skal bere arven vidare. Etter kvart som prinsessa no blir eldre, vil også forventningane og dei offisielle oppdraga blir fleire. Om ho likar det eller synest det er kjekt, det speler inga rolle. Ho er nummer to i arverekkja til den norske trona, skjebnen hennar er forsegla.

Mange meiner at kongehuset er utdatert. Ein forelda institusjon. Berre symbolikk og eit massivt pengesluk. Vi har ei republikansk rørsle i Noreg. Den Norske Republikanske foreining er samansett av folk frå heile landet, i alle aldrar. Dei stemmer på ulike parti, men har det til felles at dei ønskjer vi skal gå over til republikk. Sjølv om eg ikkje er ein ihuga republikanar, og brukar særs lite medveten tid på temaet, er eg i utgangspunktet prinsipielt i mot monarkiet. Eg synest det er feil at nokon skal arve posisjonar i eit moderne samfunn. Eg synest det er viktig at statsleiaren vår er valt av folket. Eg tenkjer også på dei som skal bere monarkiet. Eg tenkjer på Ingrid Alexandra. Så lenge vi har monarki i Noreg vil det bli født barn som blir fråteken det vi andre ser på som grunnleggande rettar. Retten til å leve og forme vårt eiga liv. Rette til å meine det vi vil, til å ytre oss fritt. Retten til eit privatliv utan inngrep frå stat eller menneske.

Men trass i prinsippa mine har eg alltid forsvart kongehuset. Eg synest kong Harald er ein fin og klok konge, og eg trur vi får ein god konge i kronprins Haakon også. Eg tenkjer vi veit kva vi har, og ikkje kva vi får. Ein folkevald president kan jo bli kven som helst. Og det blir neppe billigare heller. Så får prinsipp vere prinsipp, i denne saka i alle fall. Og sett i lys av det amerikanske presidentvalet nyleg, har synspunkta mine berre styrka seg.

Sjølv om det er stor grunn til å vere bekymra for det som skjer i USA, er det langt frå Washington DC til Løvebakken. Men vi ser også ei urovekkande utvikling i resten av Europa. Kan noko liknande skje i Noreg? Kan det dukke opp ein norsk Geert Wilders eller Marine Le Pen? Spørsmålet blir blant anna stilt av Kristin Clemet. I ein artikkel i Aftenposten 24. januar skriv ho at det er store skilnader mellom partia og personane som utgjer den høgrepopulistiske bølgja som no er over oss. Men der er også likskapar. Den ideologiske kjernen er ein form for nasjonalisme eller nasjonalkonservatisme, både på høgre- og venstresida. Begge ønskjer dei ”å bestemme over eiga land”. Kristin Clemet peikar også på enkeltsaker dei har til felles. Dei er ofte skeptiske eller negative til globalisering og frihandel, dei er negative til EU, dei ønskjer ein streng innvandringspolitikk, dei er motstandarar av sentralisering, skeptiske til islam og mange er venleg stilte til Putin. I tillegg til sakene, har dei også til felles ein retorikk som er hard og splittande. Mange vil nok hevde at ”Trumpismen” allereie er i Noreg, ein skal ikkje gå lenger enn til vår eigen debatt om statsråd Listhaug sine utspel på sosiale media for å sjå det. Det er kanskje frykta for at ein Carl I. Hagen eller ei Sylvi Listhaug skal bli president i Noreg som gjer at eg held ein knapp på monarkiet. Tenk kor øydeleggande det hadde vore for oss om vi hadde ein statsleiar som ikkje samla oss under dei forferdelege julidagane i 2011.

Det er ei vanleg oppfatning av at politikken dreg samfunnet framover, mens kongehuset representerer stabilitet og gamle tradisjonar. Paradokset er berre det at der den høgrepopulistiske rørsla er både tradisjonell og konservativ, og vil tilbake til ”gamle dagar”, der har kongehuset vårt stadig fornya seg, modernisert seg i tråd med samfunnsutviklinga og haldt seg relevant. Den dagen dei ikkje lenger klarer det, er nok også monarkiet sjølvslutta.

Så kva med Ingrid Alexandra? Om kronprins Haakon blir regent og regjera til han er 85, det vil seie til 2058, så er det altså 41 år til Ingrid Alexandra blir krona til dronning av Noreg. Då er ho sjølv 54 år, og eg har blitt 86. Og eg håpar eg får leve og oppleve det: kroninga av ei norsk dronning. Skulle det bli ei folkeavstemming om monarkiet no, vil mi stemme gå til ho som kanskje ikkje vil. Men som må. Så får ho tilgi oss, og for alltid vere det eine offeret for at vi skal ha ein moderne, samlande statsleiar som kan gje oss håp og trøyst når folket går seg vill i retorikk og polemikk, og ønskjer seg tilbake til tida da verda var lita og Noreg var for nordmenn.