Det var dette med å fange lesarane si interesse. Som journalist er kvardagen like interessant som den er hektisk, men den ebbar sjeldan ut utan at eg har vore gjennom ei viss form for sjølvransaking. Kan eg eigentleg dette? Kan eg verkeleg forfatte ein tekst som har nokon form for meining i seg, som ikkje utleverer nokon og som er heilt korrekt? Det er lett å bli sjølvkritisk i dette yrket, men det gjeld samstundes å ikkje overdrive det.

For då blir det kvitt i Word-dokumentet, lenge.

Hunther S. Thompson, eit av mine store idol, og opphavsmannen til den såkalla gonzojournalistikken, sa ein gong dette om det å skrive ein tekst:

«Ord er berre verktøy, og om du nyttar dei rette kan du til og med få orden på ditt eige liv – såframt du ikkje lyg til deg sjølv og nyttar feil ord.»

Journalistar er ei gruppe i samfunnet som ofte blir skulda for å fare med løgn, eller å vidareføre løgn. Journalistar blir skulda for å vere partiske, for å tilføre for mykje eigne meiningar til det ein skriv.

Skuldingane haglar mot den tabloide delen av media-Norge, spesielt kring politiske val. Nokre meiner at norsk media generelt byrjar å likne meir og meir på amerikansk media, ofte kalla for verstingen i klassen. I USA er ting som kjent alltid større, og ei vanleg nyheitshistorie har gang på gang vist seg å kunne vekse til ei nasjonal og internasjonal sak av uante dimensjonar.

I 2002 fortalde medieforskar Martin Eide, som er tilknytt Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen, og som eg sjølv har hatt som førelesar ved fleire høve, at Norge er eit svært spesielt medieland.

Han kunne leggje fram resultatet av sine eigne undersøkingar, som viste at fem av seks norske aviser dette året (2002) kom ut i tabloidformat.

Men, i motsetning til dei fleste andre land var norske aviser berre tabloide i format og ikkje i innhald.

Eide meinte at fordi Norge er ein såpass liten avismarknad, er det heller ikkje mogleg for våre aviser å bevege seg for langt mot ytterpunkta, og dyrke ein rein vulgær- eller kvalitetsprofil.

Eide meinte difor at i Norge held avisene seg på den gylne middelveg.

– Dei norske avisene si salsform har større betydning for innhaldet enn formatet; ei laussalsavis er meir avhengig av å lokke med freistande sensasjonar enn abonnementsavisene.

Her meiner eg mykje har endra seg sidan 2002. I 2017 er skrivande media meir avhengig enn nokosinne før av at folk les avisa, anten det er på godt gammalt papir eller på nettbrett eller mobil. Sviktande laussal, aukande trykkekostnadar og ein sviktande annonsemarknad kunne enkelt strupa heile media-Norge, hadde det ikkje vore for dei store endringane vi no ser.

Somme kan argumentere med at endringane som skjer er reint strukturelle. Det er i og for seg ei sanning. Men det er ei sanning med modifikasjonar. For det vi samstundes har sett, spesielt dei siste åra, er aviser og mediekanalar som nærast bevisst speler så hardt på det ein berre kan karakterisere som saker av tabloid karakter, at vi er i ferd med å misse det som verkeleg betyr noko innanfor journalistikken, dei gode, sanne, tankevekkjande og inspirerande historiene.

Ja, vi må utvikle oss, men vi må ikkje bukke under for nyheiter om totalt ukjende realitydeltakarar, til fordel for gode gravesaker, som til dømes den Sunnmørsposten nyleg presenterte om bonusmillionane.

Som ei fri, uavhengig presse, er det dei sanne historiene vi skal ha fram. Det er i alle fall dei historiene eg sjølv er stolt av når eg går heim etter nok ein hektisk kvardag.