Det er ikkje så mange spesialeffektane du treng for å gjere dagen din litt meir fargerik. Av og til der det nok å ta på seg ei skyggelue med teksten «KAPITÄN» godt synleg i front.

Eg la fort merke til at eg vekte litt meir oppsikt enn eg vanlegvis plar, då eg forlèt kontoret kvart over fem onsdag ettermiddag. Folket som passerte meg på parkeringsplassen nedanfor Blåhuset kasta eit ekstra blikk på framtoningen som kom ruslande iført kvit dressjakke og nettopp ei skyggelue med teksten «KAPITÄN» godt synleg i front. Til og med to romkvinner som kom vandrande forbi i dei fargerike romdraktene sine, kniste og lo.

No skal det ikkje så mykje til for å vekke oppsikt i klesvegen i Ulsteinvik, i einskilde miljø er det nok å verte uglesett dersom V-en i v-genseren din har ein avvikande vinkel på så lite som sju grader. I alle fall, eg let meg ikkje merke noko vidare med oppstusset og sette meg inn i ein ventande bil.

Årsaka til ettermiddagens antrekk var avskjedsmiddag for to av mine kjære kollegaer og overordna. Dressjakka var meint å gi innehavaren av denne inntrykk av å vere pynta, medan tanken bak kapteinslua var å skape litt maritim stemning, i og med at vi skulle fraktast i båt ut til restauranten på Skotholmen.

Vel om bord i båten vart eg helst velkomen av mannskapet på ærbødig vis og eg fekk til og med tilbod om å føre båten ut. Eg helste med lua og avslo høfleg. Eg har neppe dei naudsynte sertifikata for å føre eit slikt fartøy, trass i at lua gav lovnad om både eine og hitt. Velkomsten var ikkje mindre grandios då vi steig i land på holmen.

Under sjølve måltidet tok eg naturlegvis av meg lua. Farfaren min sa at dersom ein åt medan ein hadde lue på, ville maten ende opp inn under lua, og det var ikkje noko eg tok sjansen på. Særleg ikkje no, då det var krabbesuppe til forrett.

Skyggelua vart i si tid skjenka meg av ein kollega under ein firmatur til Polen. Den turen var såpass vellukka at eg ved å iføre meg skyggelua også hadde eit ønske om trekkje dei historiske linene attende til denne turen.

Kapteinslua og den kvite dressjakka vart elles komplettert av det kvite skjegget mitt. Denne kombinasjonen gjorde sitt til at eg tykte eg minte litt om salige kaptein Smith, han som skulle gå av med pensjon etter lang og tru teneste for The White Star Line, men som ein ekstra heider fekk kommandoen på jomfruturen til Titanic.

Skjegget, ja. Som den observante lesaren kanskje vil hugse delte eg, sist eg gjesta denne spalta, ei oppleving eg hadde på ein frisørsalong i Ørsta. Etter å ha blitt sørgjeleg kortklipt, enda det heile med ein forrykande konkurranse om kva som ville vekse raskast av håret og skjegget som på det tidspunktet var like lange. Tevlinga er ikkje formelt avslutta enno, men eg kan røpe så pass at skjegget har gått kraftig opp i leiinga. Skjegget er definitivt kroppshåret sitt svar på Karsten Warholm. Problemet no er kva vinnaren skal få i premie.

Dersom du tykkjer at det å ha på seg ei kapteinslue er litt i overkant, så prøv heller å setje deg ein annan plass enn det du vanlegvis gjer under lunsjen. Kanskje endar det heile opp i slåstkamp og kaos. Men det er verdt å prøve.

Kanskje skjer det noko magisk.