U23-EM er over. Den norske troppen reiser heim med to gull, eitt sølv og to bronsemedaljar. Norge har aldri vore betre.

Og som midtpunktet i det som vart eit norsk jubelmeisterskap finn vi ein 21-åring frå Ulstein kommune. Frå Dimna IL. Gull på 400 meter hekk. Sølv på 400 meter. Karsten Warholm.

Det var ikkje uventa at Warholm skulle kome heim med edelt metall frå U23-EM. Han var den store favoritten på langhekken. Han vart også favoritt på 400 meter då han bestemte seg for å doble. Men det skal noko heilt spesielt til for å lukkast på to så tøffe øvingar i løpet av eitt meisterskap.

Lukkast med "galskapen"

”Galskap” meinte konkurrentane til Warholm under U20-EM i Eskilstuna for to år sidan. Då dobla han også, og kom heim med sølv både på 400 meter og i tikamp. Kanskje hadde det blitt gull om han satsa på berre eine øvinga, men Karsten går sine eigne vegar. Og han lukkast med det.

For det var nærast galskap å prøve seg på både 400 meter og 400 meter hekk i Bydgoszcz. Seks løp på fire dagar. Og då Luka Janezic kom stormande forbi på oppløpet i finalen på 400 meter gjekk tankane eit lite sekund til Eskilstuna. Skulle han ikkje få gullet sitt denne gongen heller?

Det gjekk fort over. Sølv på øvinga han ikkje satsar på er svært imponerande. Spesielt når ein veit at ingen nordmann har vore raskare enn det Warholm var både i semifinalen og finalen. Berre Karsten.

Og gullet kom. Sjølvsagt. På langhekken der det berre er fem mann i verda som har vore raskare i år.

Etter å ha tatt det ”roleg” i forsøket og semifinalen vart det ikkje spart på noko i finalen. 48.37 er raskare enn då Warholm tok seg vidare frå forsøket i OL. Det er raskare enn då han vann sitt semifinaleheat under senior-EM. Det er meisterskapsrekord i U23-EM, og sjølv har han berre vore raskare ein gong. Det blir ikkje mindre imponerande når ein veit at Warholm allereie hadde fem løp i beina.

VM neste

Vebjørn Rodal meiner Warholm kan vere med å kjempe om VM-gull allereie i år. Finaleplass i London er nok ei naturleg målsetjing, og derfrå kan alt skje. Skal Warholm vere med heilt der oppe må han nok kanskje ned mot 48,00, men kven hadde blitt overraska om han fekk det til?

Samstundes skal vi kanskje vere litt forsiktige med å forskottere for mykje. Det er ingen tvil om at Karsten Warholm er eitt av dei aller største friidrettstalenta vi har, men frå tid til anna kan det vere greitt å minnast på at han framleis berre er 21 år.

Resultata hans imponerer, og kanskje endå meir imponerer måten han taklar resultata på. Måten han taklar alt oppstyret det blir rundt han, og ikkje minst at han torer å gjere det han har lyst til. Slik som å doble på 400 meter og 400 meter hekk i eit U23-EM. Den ”galskapen” er det verdt å ta med seg vidare, dersom det er det Warholm sjølv ønskjer.

Så langt i år har Warholm og trenar Alnes sine val ført stortalentet til to Diamond League-sigrar, to norske rekordar og to EM-medaljar.

Sesongen er allereie ein kjempesuksess for Karsten, og då har vi kanskje det største høgdepunktet å sjå fram til.

Det er berre å gle seg.