Vikebladet.no skriv om desse som skal køyre ein Trabant frå Tyskland til Ulstein. Eit mål med turen er å reise pengar til ny Ulstein-kyrkje. Det eg lurer på er kva Ulstein sokn og kyrkjelyd tenkjer om dette.

For – kva er ein Trabant? Vi får vite at det er «folkebilen» i Aust-Tyskland eller den Tyske Demokratiske Republikken (DDR). Det var det kommunist-styret ville tilby folket om dei ville ha seg bil. Produksjonen tok slutt straks etter at Tyskland vart sameint, og folk fekk andre alternativ.

Ein grunn til at Trabant-produksjonen tok slutt, var at han hadde ein motor som ureina mykje meir enn vestlege bilar. I tillegg er det nok slik at ein gammal motor ureinar endå meir enn då han var ny.

Vikebladet siterer også Trabbi-karane på at «bilen kan både høyrast og luktast lenge før den er synleg».

Lukta er først og fremst ubrende hydrokarbon. I tillegg har bilen store utslepp av nitrogenoksid (NOx) og karbonmonoksid (kolos, CO). Dei er – forsiktig sagt – ikkje helsesame. Attåt kjem naturlegvis klimagassen CO2, som alle bilar slepper ut – men meir dess mindre effektiv motoren er.

Desse karane skal altså køyre frå Tyskland i ei sky av oljedamp, sot, NOx og CO, til inntekt for ny kyrkje. På same tid får Ulstein nye kyrkje tilskot frå Miljødirektoratet for miljø- og klimatiltak.

Korleis skal dette henge saman?

Ivar S. Ertesvåg

Ivar Ståle Ertesvåg er professor ved institutt for energi- og prosessteknikk ved NTNU. Foto: NTNU