Menn tener i gjennomsnitt meir pengar enn kvinner. Enkelte trur at menn og kvinner vil tene like mykje dersom dei vart fullt ut likestilte.

Det trur ikkje eg, med mindre vi kjem dit at både fødslane og omsorga for borna blir utført av maskiner og robotar.

86,5 prosent ut ifrå ein ”heiltidsekvivalent»

I 2012 tente kvinner i gjennomsnitt 86,5 prosent av det menn tente. Men denne prosenten er ut ifrå ein ”heiltidsekvivalent”, d.v.s. at ein reknar om løna til kvinner i deltidsarbeid til det løna ville ha vore i heiltid.

Spesielt rike personar må haldast utanfor denne samanlikninga fordi rikdom ikkje er relevant for jamne kvinner og menns lønsnivå.

Forklaringa på ulike lønsnivå er i hovudsak biologisk (og for ein del eit historisk etterslep). Inntektsgapet aukar i foreldrefasen fordi det er kvinner som føder barn. Sjølv om menn deltek meir i den heimebaserte oppfostringa enn før, vil den biologiske skilnaden ta ut sin rett.

Dette skjer også trass i at utdanningsrevolusjonen mellom kvinner gjer at mange av dei kan gå ut i godt lønna arbeid. Det er berre det at dei kvinnene som finn seg slike lønsnisjer i samfunnet, ikkje er i fleirtal. På grunn av morsrolla skjermar dei seg også i periodar frå det lønsgivande arbeidslivet.

Det å ha barn er avgjerande

Derfor har kvinner med barn lågare inntekt enn kvinner utan barn – og skilnaden aukar med talet på barn – særleg i privat sektor, der kvinner er mindre skjerma enn i offentleg sektor.

For menn er det motsett. Menn med barn har høgare timeløn enn menn utan barn.

40 prosent av timelønsskilnaden mellom kvinner og menn i privat sektor kan førast tilbake til det å ha barn. Medan tilsvarande skilnad for offentleg sektor er 20 prosent. Det er fråværet frå arbeidet som gir denne verknaden.

Som eit apropos; i 2014 hadde Møre og Romsdal 34 mannlege og berre 2 kvinnelege ordførarar – sannsynlegvis også ein konsekvens av biologi, sjølv om det i teorien ikkje er noko i vegen for at vi kunne ha like mange ordførarar av begge kjønn – og jamvel fleire kvinnelege enn mannlege ordførarar.

Heldigvis er det slik i dagens norske samfunn at det ikkje skal vere nokon lønsskilnad mellom menn og kvinner i like stillingar. Men det vil alltid vere grupper (der kanskje menn er i fleirtal) som røvar til seg ein uforholdsmessig stor del av kaka. Den avgåtte SSB-sjefen Christine Meyer si advokatrekning etter å ha hyrt inn kjendisadvokaten Dag Steinfeld under konflikten med Finansdepartementet nyleg kjem, ifølgje media, på uhyrlege 175.000 kroner pluss moms for tre dagars arbeid og virak.

Rekk opp handa dersom du tener 175.000 kroner i året. Eg kan tenke meg at kvinnene er i fleirtal …

”Likeverdet synest likestillinga av og til er litt dum”

Som nemnt innleiingsvis er forklaringa på ulike lønsinntekter for menn og kvinner det faktum at biologi er ein del av det å vere menneske. Vi kan utfordre biologien og i beste fall balansere han av med individuelle løysingar og ulike reguleringar, men vi kan aldri sjå heilt bort frå han.

Når eit par ventar barn, er det unaturleg og lite lurt å ikkje ta omsyn til at dei to kjønna har ulike roller, som er biologisk funderte. Både svangerskap og småbarnsperiode krev ulikt av kvinne og mann. Det seier seg sjølv, sjølv om mennesket er tilpassingsdyktig og i stand til både å utvide og tilpasse kjønnsrollene sine.

Men 100 prosent likt kan det aldri bli. Likestillingstanken kan gå langt, men utan at han blir halden i taumane kan han kome til å køyre over livslovene – til skade for den enkelte og samfunnet.

Kampen mot mobbing liknar på ein måte kampen for lik løn. Vi kan arbeide for å redusere mobbinga, men heilt bukt med henne får vi ikkje – fordi mennesket til liks med så mange andre skapningar er underlagt Hakkelova. Det trengst etisk bevisstgjering av omgrepet likeverd for å få ned mobbinga.

Til slutt: Likestilling og likeverd er ikkje det same, sjølv om dei som oftast er svært gode vennar. Likestillinga høyrer inn under det verdslege regimet, medan likeverdet er eit idébasert og åndeleg absolutt.

Av og til synest nok likeverdet at likestillinga er litt dum – medan likestillinga synest likeverdet er altfor konservativt og tilbakelent.

Leiv Arne Grimstad,

Skribent og fjellvandrar