Ein dag i november var eg i Ålesund i eit visst ærend. Etter utført ærend fann eg meg plass på Valaker-konditoriet i Storsenteret, såg meg ut ein julemann i den bugnande bakarvaredisken, smilte til den unge kvinna bak disken og sa «ein julemann og ein kaffi».

Ho la julemannen på ein liten asjett og tappa meg ein grei kopp kaffi.

I det eg står der og let visakortet overføre dei 40 kronene som utskeiinga kosta, legg eg merke til at julemannen manglar ein bit på det eine beinet. Det var ikkje mykje som var borte, eg vil tru halvparten av det eine leggbeinet.

Sånn umiddelbart tenkte eg at eg no betalte for ein vare som ikkje var heilt fullverdig. Men konfliktsky som eg er fann eg ikkje på å klage på den manglande julemann-leggen. Så eg betalte utan å mukke. Ja, eigentleg gav eg meg blaffen i den vesle mangelen, sjølv om eg hadde eit auge på kvinna i tilfelle ho sjølv skulle oppdage at halve leggbeinet var borte og tilby meg ein erstatningsjulemann.

Vel, ingen ting skjedde, så eg takka for handelen og fann meg ein plass der eg kunne forvalte hyggestunda.

Eg seier det igjen, det gjorde meg sjølvsagt abssolutt ingen ting at halve leggbeinet var borte. Eg strekar under «ingen ting». Eg åt julemannen i små bitar, fylte på med kaffislurkar og hadde det veldig fint. Sat og observerte folk som passerte i korridoren fram om og gjorde meg nokre flyktige tankar.

Snart hadde eg fortært både resten av leggbeinet og det andre leggbeinet og la i veg på låra, magen og hendene i vekselbruk med kaffislurkane. Til slutt sat eg att med berre topploket, som strålte sitt lykkelege «god jul»-smil før eg åt det også.

Eg kjøpte ikkje julemannen fordi eg var svolten, eg kjøpte han for å slappe av. Alternativet var å kope ut i lufta mo plitters åleine og prøve å ikkje sjå dum ut.

Då måltidet var over kom eg til å tenke at vi altfor ofte let oss vippe av pinnen av bagatellar, ting som ikkje betyr det døyt i dei store samanhengane.

For ordens skuld kasta eg likevel eit blikk mot julemanndisken då eg forlet konditoriet.

Men såg ingen ting.