Og dermed vart det sommar i bikuba.

Dagen etter les vi at oppslaget fekk Hødd sin styreleiar Bård Dalen til å få ”kaffen i halsen”.

Same dag utdjupar og stiller tidlegare Hødd-trenar Sture Fladmark seg bak Hoff sine synsmåtar og seier blant anna dette:

- Hvis man skal tenke på det beste for sunnmørsfotballen, tror jeg nøkkelen er at Hødd må erkjenne at de er en nummer 2-klubb …

- Vidare meiner Fladmark at ”fotballen på Sunnmøre på sikt vil tjene på å ha et definert eliteserielag, et definert 1.-divisjonslag – og ikke minst ett satsingslag i 2.-divisjon”.

Fladmark seier rett nok at Hødd ikkje treng om å droppe ambisjonane om å spele i Tippeligaen.

Men det er vel det han seier likevel når han legg til at klubbane på denne måten kan ”fordele spillerne rundt og samarbeide på en god måte”.

I Hoff-artikkelen les vi at AaFK ikkje har fått ein einaste  Hødd-spelar sidan 1999, medan fleire AaFK-spelarar har gått den motsette vegen.

I all beskjedenheit må vi då minne om at Robin Hjelmeseth var på utlån frå Hødd til AaFK nokså nyleg.

Grunnen til at Hoff ikkje nemner Hjelmeseth, kan vere at han ikkje vart rekna god nok for AaFK sitt a-lag – og heller ikkje var tiltenkt nokon plass der.

Greitt nok. Men her er vi også ved essensen i det Hoff legg i ordet ”samarbeid”; nemleg at dei AaFK-spelarane som ikkje er gode nok, skal kunne gå til Hødd, medan dei beste Hødd-spelarane skal kunne gå til AaFK.

Med eit slikt ”samarbeid” har vi det perfekte systemet for sementering av nivåskilnaden mellom Hødd og AaFK.

Det fotballbyråkratar på alle nivå eigentleg er ute etter, er å ”samarbeide” for å kunne halde sine eigne posisjonar og aller helst avansere.

Det minner litt om kartell-danninga  i næringslivet, der ulike bedrifter går saman om å regulere marknaden.

Men også Hødd ”samarbeider” med klubbar på lågare nivå enn sitt eige – og på om lag same måte som AaFK tenker seg ”samarbeidet” med Hødd. Slik er det over alt – også fordi fotball er ein individuell idrett der enkeltspelarar med ambisjonar og talent skal kunne få fart på karrieren sin ved å gå til klubbar på høgare nivå når eigen klubb ikkje når lenger.

Men derifrå til å programfeste at AaFK skal vere nr. 1-klubb på Sunnmøre, Hødd nr. 2-klubb o.s.v. er rett og slett latterleg.

Sjølv om det er ein realitet i dag og sjølv om det er meir enn sannsynleg at vi her på Sunnmøre kjem til å ha denne konstellasjonen mellom dei beste laga i lang tid framover.

Definerer du deg som ein toppfotball-klubb - som Hødd gjer - må du også ha frie hender til å styre skuta di mot eit mål “der framme”.

Enkelte hevdar at Hødd ikkje har noko i Tippeligaen å gjere.

Vel, kvalifiserer dei seg til Tippeligaen, så har dei noko der å gjere. Verre er det ikkje. Blir visitten kortvarig, som han sannsynlegvis vil kunne bli, så la no det skje.

Men den dagen Hødd går ut og ope definerer seg som nummer to-klubb på Sunnmøre – og med det seier seg likegyldige til opprykk, då gidd i alle fall ikkje eg å gå på Høddvoll.

Då trur eg vegen ned til 2.-divisjon også kan bli bratt og kort.

* KARTELL: “Konkurranseregulerende avtale mellom selvstendige foretak . Konkurransen kan reguleres ved at kartellmedlemmene forplikter seg til å holde samme priser, ensartede rabatter og andre salgsvilkår, eller ved at de deler markedet seg imellom. Det siste kan skje ved at hver selger har sitt salgsdistrikt og at de forplikter seg til ikke å selge på annen bedrifts marked. Det kan også gjennomføres ved at bedriftene oppretter en felles salgssentral og at hver bedrift ikke selger mer enn en fastsatt kvote. Spesialiseringskarteller går ut på at hver bedrift får enerett til å markedsføre enkelte produkter.” (Store Norske Leksikon)

Journalist Leiv Arne Grimstad kommenterer.