Idéen til helsesøster Ann Iren Brautaset i Ulstein om å skape ei fadderordning for einslege, mindreårige flyktningar, er så god at det nesten er rart at det ikkje er prøvd før. I følgje UDI blir Ulstein den første staden med ei slik fadderordning.

Ved Søre Sunnmøre mottak får vi opplyst at  fleire innbyggjarar i Ulstein har meldt seg interesserte i å stille opp, og det er bra.

Helsesøster Ann Iren Brautaset fortel at ho i møtet med fleire unge asylsøkjarar har vorte fortald at dei føler seg einsame og saknar familien sin – og at dei ønskjer å bli kjende med folk i Ulstein.

Ei fadderordning kan då vere ein glimrande reiskap til å lære unge frå andre kulturar korleis vi lever i Norge. Blant anna at kvinner skal møtast med respekt.

Men også dei som tek på seg å vere fadderar, for kortare eller lengre tid, vil kunne få ei bratt læringskurve når det gjeld kunnskap om andre kulturar.

Brautaset strekar under at det på kort varsel kan kome melding om innvilga opphaldsløyve og flytting til ein annan kommune – eller avslag og påfølgjande utsending frå landet. Uansett vil fadderordninga kunne vere eit pluss.