Tidleg i denne veka fekk vi servert nyhendet om gåsenebbkvalen som stranda utanfor Sotra. Han var tydeleg sjuk og måtte avlivast. I magen hans fann zoologar 30 plastposar og store mengder småplast.

Dessverre er det ikkje tilfellet med «Sotra-kvalen» eineståande.

Marin forureining er eit problem som berre aukar.

Ifølgje FN sitt miljøprogram hamnar over 8 millionar tonn plastsøppel i havet årleg. Dersom ingen ting blir gjort, vil det innan 2050 vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava.

Kvart minutt blir det dumpa plast tilsvarande ein fullasta søppelbil rett i havet, står det å lese i ein rapport frå World Economic Forum. Forskarane meiner at marin forsøpling drep meir enn ein million sjøfugl i året, og i Nordsjøen er det rekna med at 95 prosent av havhestane no har plast i magen.

Kven som kastar mest plast på havet veit vi ikkje. Sjøfolk på båtar, både i nære og fjerne farvatn, har nok vore blant syndarane. Det same har folk på fabrikkar og industrianlegg langs kysten.

Men vi har alle eit ansvar. Plastposane og emballasje elles som vi har med oss på tur i strandkanten, må vi ta med oss heim. Og vi må prente inn i neste generasjon at plast ikkje skal ende i sjøen. Blir vêret bra denne helga kan det kanskje vere ein ide at familieutflukta blir ein privat strandryddedag. Ta med ein plastsekk frå SSR til å legge det i. Jordkloden er sårbar, og vi må ta alvoret innover oss.