Når var du sist på eit kommunestyremøte? Kanskje er det ei stund sidan, kanskje har du aldri vore på eit slikt møte. For det er dei færraste av oss som møter på rådhuset for å følgje dei lokalpolitiske debattane. Truleg skjer det berre viss politikarane skal behandle ei sak som vedkjem oss direkte.

Lokalpolitikken er ein sentral del av eit velfungerande demokrati. Kvart fjerde år får vi avgjere kven som skal vere politikarar i vår kommune. Vi peikar med andre ord ut ein gjeng som skal bestemme korleis kommunen skal prioritere og kva kommunen skal bruke pengar på i den neste fireårsperioden.

Ved lokalvalet for to år sidan hadde Ulstein ei valdeltaking på 59,5, Hareid 60,6 prosent. Engasjementet burde sjølvsagt ha vore større, spesielt fordi lokalpolitikken vedkjem oss alle både direkte og indirekte.

Om to år er det lokalval igjen. Det er viktig at kommunane klarer å skape interesse og engasjement rundt lokalpolitikken, slik at veljarane kan gjere seg opp ei meining før dei røyster.

Ulstein kommune fortener ros for det dei gjer for å nå ut til innbyggarane. Døme: i ein videosnutt på Facebook presenterte ordføraren denne veka nokre headlines om kommunestyremøtet. Dette er ein enkel men effektiv måte å få lokalpolitikken ut til folket på. Lokalpolitikarane gjer ein viktig innsats og fortener eit større engasjement frå folk flest.

Oppmodinga må difor vere at dei politiske møta får eit større publikum. Det beste er at ein ikkje treng møte opp fysisk på rådhuset, for både Hareid og Ulstein har direktesending av kommunestyremøta på YouTube. Kommunestyremøtet i Ulstein på torsdag er i skrivande stund sett 404 gongar. Førre møte på Hareid er sett 146 gongar. Desse tala bør absolutt vere større.