Ulstein kommune har til no brukt 1,7 millionar kroner til ein konkurranse og eit skisseprosjekt. Dette er før det har blitt lagt ein einaste stein. I tillegg har det blitt lova ein million til eit livssynsnøytralt rom som smørjing. Millionane sit laust.

På grunn av den sviktande kommuneøkonomien og manglande moderasjon blant dei folkevalte, har vi sett oss nøydde til å starte ein underskriftskampanje for at folkerøysta skal nå fram til dei over-ivrige avgjerdstakarane.

Kyrkja er hittil berekna å koste 60–80 millionar kroner totalt, og vi er redde for at deler av dette må dekkjast av kommunale midlar. Ulstein sokn sin eigen finansieringsmodell, som baserer seg på private bidrag, er svært usikker. Private entusiastar har lova månadlege bidrag frå 500 til 1500 kr dei neste 10 åra, totalt 60–180 000 kr pr. avtale. Kva skjer om desse «kyrkjebyggarane» mister entusiasmen eller må melde avbod grunna uførutsette hendingar? Kven skal då berge prosjektet?

Det gjekk ikkje lenge før budsjettet til Arena Ulstein sprakk med minst 27 millionar kroner. Få blei overraska. Forhåpentleg blir det siste budsjettsmell i dette prosjektet. Tidlegare erfaringar viser oss at byggebudsjett sjeldan held seg innanfor dei prosjekterte rammene. Når budsjettsmellen rammar nye-kyrkja, kven skal då stå for krisepakka?

I tillegg kjem vedlikehald for å oppretthalde to presentable kyrkjer i uoverskodeleg framtid. Dette er berre byrjinga på ein evigvarande utgiftspost. Dette skjer samstundes som at fleire offentlege tenester i kommunen er underfinansierte og kommunen opplever auka arbeidsløyse og permitteringar. Etter fleire år med storstilt bygging, bør kommunen være forsiktig med pengebruken. Er dette verkeleg rett tid for enda eit unødig prestisjeprosjekt?

Pådrivarane argumenterer for at kyrkja, slik ho står i dag, ikkje overheld kyrkjelova med tanke på sitjeplassar. Men kyrkjelova §21 stadfestar: «Ny kyrkje skal byggast […] når den under vanlege gudstenester ikkje gir tilstrekkelig plass for dei kyrkjesøkjande». Pådrivarane har difor ikkje lova på si side, då kyrkja i dag har rikeleg med plass ved vanlege gudstenester.

Årsmeldinga til Ulstein sokn viser også ein nedgang i talet på gudstenestedeltakarar med 8,2 prosent frå 2008 til 2015. Dersom denne trenden held fram, vil behovet for ei stor og påkosta kyrkje fortsette å falle i framtida.

Kampanjen har allereie hausta 161 av dei totalt 166 underskriftene (du finn den her) som er nødvendige for at kommunestyret skal ta opp og behandle saka. Målet er snart nådd, men jo fleire som skriv under, dess større gjennomslagsevne vil kampanjen få. Vi ynskjer å sende klårt signal til kommunestyret om at den gamle, gode kyrkja vår er meir enn god nok slik ho er.

Hjarteleg takk til alle dei som har engasjert seg.

Peter Skinnes og Alexander S. Aaker, med fleire