I den grad det er tvil om det: Eg meiner sjølvsagt at Jon Georg Larsen og alle andre har ein soleklar rett til å ytre seg så mykje dei vil om forhold i kommunen vår. Dette er demokrati.

Mi interesse i denne saka kom ved at kommunestyrerepresentant Pål Grødahl etter spørsmål frå lokalavisa bekrefta at, ja, Ulstein kommune har eit demokratiproblem, der han viste til at dette var situasjonen også i førre periode. Etter mitt syn sterke og alvorlege påstandar frå ein folkevald.

Derfor meiner eg framleis at dette er ei sak for Kontrollutvalet, det kan ikkje henge i lufta og stå ubesvart  om kommunen har eit demokratiproblem.

Representanten Grødahl viste i det same intervjuet  til nokre døme som etter hans syn provar eller dokumenterer  at kommunen vår har eit demokratiproblem. Då ingen av desse døma etter mitt syn dokumenterer noko demokratiproblem i kommunen tok eg kontakt med ordføraren for å stille eit spørsmål i kommunestyret. Ordføraren bekrefta at det kunne eg gjere under det som i reglementet for kommunestyret heiter, Spørjetimen.

Ser i leiaren i lokalavisa at dette vert retorisk omtala som den såkalla spørjetimen. Det er ingen – ”såkalla”, det er ein eigen institusjon som heiter Spørjetimen. Kanskje skulle redaktøren ha sitert frå reglementet slik at det kjem fram at det som skjedde i kommunestyrt var etter reglementet og at det vart stilt eit heilt konkret spørsmål:  Har Ulstein kommune eit demokratiproblem-?

Eit konkret spørsmål  som eg grunngav med visning til kommunestyrerepresentant Grødahl sine påstandar i lokalavisa.

Eg sit ikkje med informasjon som kan dokumentere  eller avkrefte om kommunen har eit demokratiproblem . Det var derfor eg stilte spørsmålet.

Kontrollutvalet i Ulstein kommune vil sikkert handsame dette spørsmålet med det største alvor.  Men mi erfaring frå fire år i kontrollutvalet i førre periode, er at dette utvalet handsamar ikkje saker om tru, heller ikkje om trua er styrka.

Påstandar utan substans eller utan handfaste dokumentasjonar, vert ikkje til noko sak til handsaming i kontrollutvalet.

Eg registrerte med undring at den som kjenner seg styrkt i trua på at kommunen har eit demokratiproblem under det omtalte kommunestyremøtet var mest interessert i å snakke med lokalavisa sin representant. Leiaren i Kontrollutvalet var i møtesalen heile kvelden, men vart ikkje nedtrakka av representantar som ville drøfte denne alvorlege saka med han.

Eg støttar alle initiativ til å styrke demokratiet i Ulstein og deltek kvar dag i dette arbeidet som folkevald i kommunen.  Eg vil også kjempe for innbyggarane og kommunestyrerepresentantar som Grødahl sin rett til å ytre seg om det ein ynskjer, og eg vil bruke min rett til å stille spørsmål og gi utrykk for mitt syn som eg gjorde i denne konkrete saka.

Ottar Kaldhol, Ulsteinvik