Nei, på ingen måte. I førre kommunestyreperiode var det åtvara mot vidare overinvestering i kommunen. Både av oss innbyggjarane i kommunen, og av det store mindretalet i kommunestyret.

Likevel vart det køyrt igjennom ei formidabel investering i Arenabygget, som no stadig vert behandla i lukka møter. Kanskje ingen veit enno kvar kostnaden endar, men ein ting er sikkert, sprekken er formidabel!

Dagens ordførar var ein som grundig og sakleg argumenterte for å ikkje sette i gong bygging av Arena. Andre hevda at det kunne gå utover pålagde tjenester som helse og sosialtjenestene etc.  Så at ein må sette investeringsstopp og redusere  både her og der er ingen overrasking.

Eg vil verkeleg anbefale ein skikkelig ”hestekur”. No må vi alle forstå at det ikkje må brukast meir pengar enn vi har. Det er ikkje berre å sende rekninga i form av eigedomskatt til både fattige og rike.

Det kan hende at menge minstepensjonistar og arbeidslause slit nok som det er, utan eigedomskatt. Og viss dei har nokre kroner , så kanskje dei har andre gode formål som dei ynskjer å støtte. Der er ikkje alle som har bedt om å få Arena. Dei kan no bli tvinga med eigedomskatten å betale i.

Gode politikarar gå imot denne usosiale skatten. Gjer så kraftige grep i økonomien at det ikkje vert nødvendig å krevje inn eigedomskatt.  Det er lettare å innføre den, enn å få den bort att. I alle fall viss ikkje dagens regjering syrgjer  for å få den avvikla heilt.

Vi forventar at ordføraren i Ulstein fører Frp politikk og styrer unna denne skatten. I Hareid har dei hatt den i 16 år. Eg ser at i budsjettforslaget 2019, 2020 og 2021 er budsjettert med same skatt på inntekt og formue som i 2018. Litt meir optimisme må ein vel kunne forvente no når Ulstein Verft har fått mykje arbeid for komande år, og utover.

Mykje arbeid betyr fleire i arbeid og gjerne mykje overtid. Dermed  betydeleg auke  i skatteinngangen. Så mitt råd er:  Ingen nye investeringar dei 2-3 neste åra.  Kraftig nedskjering på utgiftssida. Og litt meir optimisme i forventa skatteinntekter.

Ingen eigedomskatt på 7 millionar i budsjettet. Det fyl også kostnader med  å innføre eigedomskatt, og vidare kostnadar med å drive den inn.

La oss framleis vere ei attraktiv kommune utan eigedomskatt.

Gode innbyggjarar la oss fylgje med politikarane vi har valt, - ikkje berre kva dei seier, men kva dei gjer.

Agnar Dag Ulstein,

Ulsteinvik

Engasjert? Ta del i diskusjonen. Send inn dine debattinnlegg til redaksjon@vikebladet.no