Inge Jonny Hide frå Sande er forundra over at underteikna flørtar med Ørsta kommune, og legg ansvaret på meg for at vi ikkje lukkast med å kome vidare med 5-kommune alternativet på Ytre Søre. Det er sjølvsagt lov å meine det, men eg må innrømme at eg ikkje føler meg særleg truffet.

Fakta er at eg på vegne av Ulstein har teke fleire initiativ ovanfor dei andre kommunane, seinast på felles ordførar og rådmannsmøte i Ørsta den 23 mars i år. Eg la då fram forslag om at vi burde bestille ei innbyggarundersøking for Søre Sunnmøre for å sjå om folkemeininga har vorte påverka av prosessen med å danne Nye Ålesund kommune. Dette forslaget var det mildt sagt lite stemning for. Ein ville heller jobbe for tettare samarbeid, enn å slå saman kommunane. Eg er ikkje prinsipielt i mot samarbeid, men å fordele oppgåvene mellom kommunane er i beste fall ei halvgod og mellombels løysing. Dei fleste er heilt einige i at kommunane i framtida ikkje vil vere store og ressurssterke nok til å klare seg sjølve. Dette er faktisk tilfelle allereie i dag, det er difor vi har vorte avhengig av alle desse interkommunale samarbeida.

Kva konsekvensen av slike samarbeid har for kommunane er det likevel få som snakkar om. Samarbeida er i stor grad organisert gjennom såkalla vertskommuneavtalar, som fordelar kostnadar mellom kommunane og gir mynde til den kommunen som får ansvaret for tenesta. Resultatet er at stadig fleire oppgåver og ressursar vert innelåst i slike avtalar. Moglegheita for aktiv styring i kvar enkelt kommune for å sikre at ressursane vert brukt der behovet er størst vert betydeleg redusert. Det fører til at kommunane vert meir og meir handlingslamma. Ei anna utfordring er at fordelinga av desse tenestene skjer gradvis utan at innbyggarane får medverke til ei totalløysing der ein ser alt i heilskap. Eg meiner difor at vi må ta steget og slå saman kommunane.

Eg er faktisk heilt samd med Inge Jonny Hide i at å samle alle 5 på ytre hadde vore det beste viss ein greidde det. Helst alle 7 sidan vi i stor grad organiserer samarbeidet vårt i det vi kallar 7-stjerna. Når det er sagt er dette dessverre ikkje reelt sidan motkreftene er for sterke. Hide kritiserer meg for at eg peikar på at frykta for å miste noko til naboen er det som set ein effektiv stoppar for slike strukturendringar. Ein kan like det eller ikkje, men det er her problemet ligg. Ta til dømes saka om lokalisering av tannklinikk for Ulstein og Hareid som i skrivande stund ikkje er avgjort. Her går Bjarne Kvalsvik offentleg ut og set ordet på det mange andre ytrar seg om på Facebook eller andre stadar. Tannklinikken må leggast til Hareid fordi det er minst trugande for Herøy, og held fram at det også opnar for at Sande kan samarbeide med Herøy i staden. Den same mistrua låg tungt over oss når vi forhandla om Runde kommune, men var i mindre grad til stades under forhandlingane med Hareid.

Eg trur difor at det er mest reelt å tenke samanslåing i fleire steg. Invitasjonen har gått til Hareid men dei har takka høfleg nei sidan folket gjekk i mot dette for 2 år sidan. Då er det for oss mest naturleg å sjå på Ørsta som neste alternativ. Fordelen med Ørsta er at dei på lik linje med Ulstein har eit godt etablert kommunesenter som er i god vekst, og at dei deler Ulstein sine haldningar om at viktige funksjonar bør leggast til sentrum og ikkje midt i mellom, der befolkninga er minst og transportbehovet størst. Ulstein og Ørsta har mykje til felles, men vi utfyller også kvarandre på ein god måte. Eg går difor gjerne i forhandlingar med Ørsta men er ikkje avvisande til å ta med andre dersom det ligg ein reell vilje til å få på plass ei løysing som ikkje torpederer senterstrukturen vår.

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein kommune