I dag har eg tenkt mykje på ein god venn.

Ein venn som kom til Norge då han var 16 år. Eg er mamma til ei som vert 16 år i år. Det set ting i perspektiv.

Han kom til Norge, redd, aleine og fortvila, som 16-åring, ein ungdom med eit håp om beskyttelse. Foreldra og systera vart drepne, og han måtte rømme landet sitt i fare for sitt eige liv.

Han sa at han var 16 år og kom frå Burundi. Norge sa dei ikkje trudde på han.

Han har brukt nesten 20 år på å bevise at han snakkar sant. I sommar fekk han endeleg bevis, fødselsattest, som viser både at han var 16 år då han kom til Norge, og at han faktisk kjem frå Burundi. Vi jubla, for NO måtte han vel få opphald, og ei skikkeleg unnskyldning frå Norge, fordi Norge ikkje hadde trudd på han, ei unnskyldning for at han har levd i limbo, utan rettigheiter, i 19 år.

Men nei. Norge trur framleis ikkje på det. Men dei meiner at han kan reise til Burundi. At dette er trygt, trass i at det ikkje nødvendigvis er det. Og han har ingen der. Han har livet sitt i Norge. Han har alt i Norge. Og ingenting i Burundi.

Han har gjort alt som han skulle. Han har ikkje levd i skjul. Han har bidrege til samfunnet. Han har jobba frivillig, og etterkvart jobba og betalt skatt. Utan å få lov. Men Norge tok imot skatten hans. Han har berre vore snill. Hjelpsam. Smilande. Positiv. Takknemleg. Ein ressurs.

Han er ferdig integrert. Norge treng arbeidskraft. Men ikkje han. Nokon andre. Men ikkje han. Han skal ut. Koste kva det koste vil! Så det så!

Kvifor? Fordi! Fordi er ikkje eit svar. Fordi han er 35 år no. Ja, men han burde fått opphald for 19 år sidan. Då var han 16 år. Nei. Kvifor?

Fordi……

I dag skriv media at politiet truleg kjem til å hente han ut av kyrkjeasyl med makt. Det gjer meg så opprørt og fortvila.

Skal det statuerast eit eksempel i denne saka? Kvifor? Skal Norge vise asylsøkarar at det ikkje lønner seg å snakke sant?

Ein skal ikkje kommentere enkeltsaker. Kvifor? Enkeltsaker kan brukast for å endre systemet. Eit djupt urettferdig system.

Eg vart kjent med Suel den fyrste tida han var her. Då han jobba som frivillig på Ulstein sjukeheim. Eg er så stolt og glad og rørt over gamletanta og gamleonkelen min, som tok han under sine venger den fyrste tida, som ga han tryggleik og kjærleik, og eg er så glad for at han vart ein del av mi storfamilie, og framleis er det. Eg er djupt rysta over at Norge kan behandle han på denne måten.

Suel har fått røter. Ulovlege røter. Men like fullt røter. Sterke, solide og sunnmørske røter.

Gi Suel ei unnskyldning og opphald i Norge. Gi han fred og tryggleik.

Gjer oss stolte av å vere norske igjen.

Lisa Mari B. Anderson

For Støttegruppa Rettferd for Suel