Onsdag 14 oktober blir det arrangert ein inspirasjonsdag for nyskaping på Søre Sunnmøre. Arrangementet er eit samarbeid mellom kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Ørsta og Volda representert ved hoppid.no kontora i desse kommunane. Det er fyrste gongen at desse fem kommunane arrangerer ein slik felles dag. Nyskapingsdagen Søre vert arrangert i Fosnavåg på Thon Hotel Fosnavåg, og er tenkt som eit fast halvårleg arrangement men då arrangert på ulike stader i regionen.  Vert denne fyrste dagen er Robert Voldnes frå ÅKP som er hoppid.no-rådgjevar for Hareid, Ulstein og Herøy. Han utgjer i lag med hoppid.no-rådgjevarane Odd Magne Vinjevoll (Ørsta) og Martin Foldal (Volda) komiteen for Nyskapingsdagen Søre.

- I ei tid der ein stor del av det regionale næringslivet er inne i ei utfordrande tid er det viktig å få fram nye tankar og kanskje finne på nye ting i nye eller andre næringar, seier Robert Voldnes, Odd Magne Vinjevoll og Martin Foldal.

Rikhaldig program

Komiteen har planlagt ein spanande dag, som vert todelt.  I del ein som startar på ettermiddagen vil Innovasjon Norge halde eit to-timar langt gründerseminar, etterfulgt av muligheit for speed-dating med folk frå Innovasjon Norge. Seminaret er for personar eller bedrifter som vil vite meir om nyskapingsprosessar og/eller har konkrete idear dei vil avsjekke i forhold til å kunne få stønad frå Innovasjon Norge.

- Etter Innovasjon Norge-bolken vert det fyrst omvisning på Fosnavaag Ocean Academy, og deretter to interessante innlegg frå regionale gründerar; Stine Goksøyr frå Herøy og Therese Moe Øye frå Ørsta. Desse representerer heilt ulike næringar, og det vert interessant å høyre litt kva dei har opplevd i sine oppstartsbedrifter.  I tillegg vil Innovasjon Norge, hoppid.no og ÅKP (Ålesund Kunnskapspark) orientere litt om ulike ordningar både for oppstart av bedrifter og nyskaping elles, fortel trioen.

Nettverksskaping

I det offisielle programmet er det lagt opp til at deltakarane kan myldre og skape nettverk. Det vert også lett servering. Nyskapingsdagen Søre er sponsa av Møre og Romsdal fylkeskommune, ved regional- og næringsavdelinga.

- Det er difor gratis å delta, poengterer Robert Voldnes.

Det er no viktigare enn nokon gong å lyfte nyskapingsaktivitetar fram og gi dei næring, meiner dei tre. Møre og Romsdal er eit av fylka i Norge som har det beste verktyet for dette mellom anna gjennom entreprenørskapssatsinga hoppid.no og sterke miljø som Innovasjon Norge, ÅKP og andre. Til Nyskapingsdagen Søre er det og spesielt invitert inn ressurspersonar frå ulike deler av næringsliv, bank, finans, og offentleg sektor.

- For næringslivet er kommunegrensene mindre synlege, og det er difor naturleg at vi samarbeider om eit slikt arrangement på Søre Sunnmøre avsluttar trioen Voldnes, Foldal og Vinjevoll.