Mange har spurt om puben i kjellaretasjen til Melshorn Hotell må stenge når hotellet går over til å bli akuttmottak for flyktningar.

- Nei, Weekend Pub – eller Sans, som mange seier – held fram som før, seier dagleg leiar Bala. - Leigeavtalen vår er uavhengig av det som elles skjer på hotellet. Puben driv separat og har ingen ting med sjølve hotelldrifta å gjere. Vi held fram på same måte som før, det vil seie at puben er open fredag og laurdag. Desse dagane jobbar fire personar der, dørvakta inkludert, og vi har levande musikk kvar laurdag. Komande laurdag er det Ronald Øvrelid som spelar og syng.

Weekend Pub kjem elles til å halde ope alle dagar i jula – frå 1. juledag til nyårsafta. Dei fleste dagane med levande musikk – og resten med DJ.

For Bala er det sjølvsagt litt spesielt at det blir ein ny periode med flyktningmottak der han sjølv kom som flyktning frå Sri Lanka i 1987. Dei som har levt ei stund vil hugse at det den gongen stort sett var tamilar og folk frå Irak som budde på hotellet.

Bala kom åleine den gongen, men i 1990 kom resten av familien etter.