I alt to slike skip skal Ulstein bygge dette året. Medan folk flest feira nyttår, utførte skroget til det første SOV-skipet til Bernhard Schulte Offshore/Windea si første reise frå Polen til Noreg. 3. januar, grytidleg om morgonen, var det på plass på Ulstein Verft.

I løpet av dei neste månadene vil det bli utrusta og malt, før prøveturperioden startar ut på vårparten. Med oppstart i sommar skal fartøyet arbeide på Gemini-vindparken i Nederland for Siemens Wind Power Service. Skipet er eitt av to SOV-ar som Bernhard Schulte Offshore / WINDEA skal levere til SIEMENS.

Første med X-SternBruken av offshorevindskip vil effektivisere serviceoperasjonar på vindparkar. Fartøyet fungerer som ein påliteleg og miljøvenleg plattform for drift og vedlikehald av vindmøller, til overnatting og transport av teknikarar og vil gje eksepsjonelt sikker tilgang til installasjonar offshore. Med Ulstein SX175-designet har eit designteam som samarbeidde på tvers av selskapa Ulstein Design & Solutions, WINDEA, Bernhard Schulte Offshore og Siemens, utvikla eit fartøy som heilt og fullt tilfredsstiller behova til offshorevindindustrien. Skipet er 88 meter langt, 18 meter breidt, held ei maks fart på 13,5 knop, og har innreiing for 60 personar.

SOV-skipa er dei første fartøya med den nye X-Stern-skrogforma. Eit fartøy med X-STERN kan bli plassert med akterenden i staden for baugen mot vêret, noko som gir forbetra eigenskapar ved tøffe vêrforhold, større evne til å operere i dårleg vêr, og redusert kraft- og drivstofforbruk medan det ligg på DP (dynamisk posisjonering), det vil seie når det skal halde seg på nøyaktig same stad uavhengig av vêret.