Gunnar Helgeland, hovudtillitsvald for dei 100 tilsette i reiarlaget, som er organisert i Norsk Sjømannsforbund, forklarar at det ikkje er mangelen på vilje til å gå ned i lønn som er grunnen til at særavtalen blei stemt ned. Det skriv Maritime.no.

– Folk går gjerne ned seks prosent i lønn for å redde arbeidsplassane sine. Men vi må få ein tilsvarande, reell reduksjon i arbeidstida, seier han til Maritime.no.

Dei timane dei tilsette får kutta lønn frå, vil bli ein form for fritid, noko Helgeland seier dei tilsette ikkje vil gå med på.

– På papiret får dei tilsette fri, men dei er tvungne til å vere om bord. Det er ikkje nokon plan for korleis reduksjonen i arbeidstid skal gjennomførast, seier han.

Må sjå på konsekvensane

Det var over 90 prosent av dei tilsette som stemte før tida gjekk ut på fredag i førre veke, og over halvparten av desse stemte nei til forslaget.

– Vi tek resultatet av avstemminga til etterretning og jobbar vidare med andre faktorar, så må vi sjå kva som blir konsekvensen av dette, seier administrerande direktør i Havila, Njål Sævik, til nettstaden.