– Eg starta for meg sjølv på Hareid for å flytte det ut av stova heime. Etter kvart har oppdragsmengda blitt så stor, og spørsmåla om gruppe- og familiebilete har blitt fleire, så studioet blei litt lite. Eg hadde fått tak i større prentarar og fleire rammer også, så alt i alt blei det alt for liten plass, seier Victoria Rinde, som driv VRfotostudio.

Ho har hatt over hundre ulike kundar sidan oppstarten i slutten av mai i fjor, så at ho no har blitt nøydd til å utvide er ikkje så rart.

– Går bra å kombinere

Ho kombinerer jobben som butikksjef for Nille i Fosnavåg med fotooppdraga ho får, noko som er ei grei ordning for ho. Ho har likevel ein tanke om å med tida kunne drive med fotografering på heiltid.

– Sjølvsagt. Men det har gått overraskande greitt å sjonglere butikksjefjobben og fotojobben. Det var tøft i starten, men ein lærer seg å prioritere. Det viktigaste for meg er uansett familien, så eg jobbe heller litt meir på kveldstid, om eg blir nøydd til det.

Hjørungavåg blei løysinga

Ho byrja på grunn av plassmangelen å leite etter noko som var større, og måtte ikkje lengre enn til Hjørungavåg for å finne eit høveleg lokale. Der har ho no teke over lokala der nærbutikken i Hjørungavåg heldt hus tidlegare.

– No har eg flytta ut frå 85 og inn på 330 kvadratmeter, seier Rinde og smiler.

Fotografen viser underteikna rundt i lokalet, som er stort, lyst og ope, med eitt hjørne til rammebutikken, eige rom til fotografering av nyfødde og eit eige rom til produksjon, der Victoria både printar og laminerer.

– Eg ønskjer å tilby kundane mine print av bilete av profesjonell standard. Det er fordi bileta då held seg mange år lengre enn dei elles ville gjort, seier Rinde.

Førstkomande laurdag blir det opningsfest.

– Eg kjem til å ha gode tilbod også, seier Rinde og snikreklamerer litt.