Samanlikna med same periode i 2015 har det til no i år blitt eksportert sjømat for 28,8 milliardar kroner. Berre i april månad var eksportauken på 35 prosent. Trass i at det er mindre volum som har gått ut av landet, har valutasituasjonen gjort at verdien på eksporten likevel har vore nesten 6 milliardar kroner høgare. Det skriv NPK.

– Dette kjem av stor etterspurnad og høg pris for den norske sjømaten, kombinert med ein framleis gunstig valutasituasjon, seier kommunikasjonsdirektør Geir Håvard Hanssen i Noregs sjømatråd.

Det blir også opplyst at det først og fremst er laks og aure som bidreg til eksportveksten. Om ein tek til dømes laksen, så har snittprisen per kilo auka frå 41,89 kroner i denne perioden i fjor, til 56,81 kroner i år. Laks utgjer også 63,3 prosent av eksporten, medan torsk står for 12,9 prosent. Aure utgjer 4,5 prosent, etter ein 117 prosent stor auke. 18,2 milliardar kroner av den totale sjømateksporten på 28,8 milliardar til no i år er det laksen som står for.

– Vi ser også sterke tal for april, med ein samla auke på 35 prosent. Noko av forklaringa på det er den tidlege påsken og dermed få raude dagar i april, samanlikna med i fjor, seier Hanssen.