Vi får tilsendt dei merkelegaste statistikkar hit til redaksjonen. Ein av dei siste syner kva for ein kommune som har det høgaste talet på kjøpte sexleiketøy i høve til folketalet.

Det er den erotiske nettbutikken Sinful som har utvikla statistikken og tala baserer seg på dei 100.000 sist bestilte ordrane deira.

Ser vi på tala for dei fem kommunene på ytre søre; Hareid, Herøy, Sande , Ulstein og Vanylven, kan vi merke oss at det er nokre skilnader.

Herøyværingane er dei som nyttar minst på denne typen artiklar. I følgje statistikken brukar dei berre 0,63 gonger så mykje som landssnittet. Ulstein og Hareid ligg også under landssnittet med høvesvis 0,91 og 0,93 gonger så store investeringar som landssnittet. Dette plasserer dei tre kommunene på 306., 194. og 184. plass mellom landets 428 kommunar.

Vanylvingane nyttar litt meir enn landssnittet på sexleiketøy, nærare bestemt 1,15 gonger så mykje, noko som plasserer dei på 103. plass. Dei flittigaste kjøparane er elles folket i Sande som svir av 1,36 gonger så mykje pengar på sexleiketøy som gjennomsnittet. Dette kvalifiserer til ein 63 plass.

Trysil er elles den kommunen i landet der innbyggjarane nyttar mest pengar på sexleiketøy, 2,16 gongar så mykje som landssnittet. Om dette har samanheng med at det er langt mellom folk i Trysil-traktene seier statistikken ingen ting om.