I ein anbodskonkurranse med fleire andre gode aktørar, vann Mare Safety fram med tilbodet på ny brann- og redningsbåt til Trøndelag brann- og redningstjeneste. Båten skal leverast i oktober år.

Produktsjef for båtar ved Mare Safety, Geir Ove Molvær, er glad for at valet fall på Mare Safety.

–Vi har skaffa oss god kompetanse på bygging av brann- og redningsbåtar frå arbeidet vi hadde med å levere dene typen fartøy til Molde brann- og redningsteneste i 2014. Det at Trøndelag brann- og redningsteeneste også velgjer oss, syner at vi har eit produkt som samsvarer med krava som vert stilt frå etaten, og at vi viser fleksibilitet i høve til å tilpasse båtane etter kundane sine ønskjer og behov, seier Molvær.

Signerte kontrakt

Kontrakta på den nye båten, som ei spesialtilpassa utgåve av MARE GTC 900-2VD (FF), vert signert ved Trøndelag brann- og redningsteneste sine lokale i Trondheim fredag formiddag. Tilstades under signeringa var Geir Ove Molvær, dagleg leiar Trygve Gaustad ved Mare Safe Sea, som har arbeidd med utrustning av Mare Safety sine båtar, og brannsjef Torbjørn Mæhlumsveen ved Trøndelag brann- og redningsteneste.

Brannsjefen er spent på den nye båten, og fortel at den har ein del oppdrag i vente.

–I 2015 hadde vi 45 sjøredningsoppdrag og 34 dykkeroppdrag som vart utført med den større brann- og redningsbåten vår, «Anne Katrine». Denne nye båten vil verte brukt til samme type oppdrag, men har større mobilitet då den kan køyrast lenger opp i Nidelven og gjennom kanalar i hamneområdet. I tillegg til sjørednings- og dykkeroppdrag, vil båten bli brukt til assistanseoppdrag for små og større båtar som treng maritim bistand frå oss, fortel Mæhlumsveen.

Dekker behovet

Mæhlumsveen seier at ei gruppe har vurdert alle innkomne tilbod, og valget fall på Mare Safety sitt tilbod gjennom ei totalvurdering basert på kvalitet og bruk.

– Mare Safety leverte i denne omgangen eit tilbod på ein båt som dekker behovet og har den totalt sett beste løysinga, avsluttar han.