Siem Offshore-eigar Kristian Siem gjekk nyleg ut og sa han vil snu opp ned på norsk offshoreskipbransje ved å samle fleire av reiarlaga i eit nytt, større offshoreskipselskap. I eit lengre intervju med Vikebladet Vestposten denne veka fortel administrerande direktør Håvard Ulstein at det for Island Offshore ikkje er aktuelt å vere med i ei slik samling.

– For vår sin del så har vi ein flåte på 29 fartøy, og er det fjerde største reiarlaget i Norge. Samstundes er vi allereie ein del av eit stort system, i samarbeid med Edison Chouest. Eit amerikansk reiarlag med 250 fartøy. Her har vi både marknadsapparatet og musklane vi treng for å klare å stå av brasane. Det som Siem har kome ut med høyrest nok veldig forlokkande ut for mange. Men, han er ein forretningsmann, han veit kva han vil ha, seier Ulstein og legg til:

– Den delen av flåten som er problemdelen no, bryr han seg lite om. Eg trur nok dei fleste reiarlaga vil prøve å klare seg sjølve.